Destruktive døtre

"Ei mor er ikkje noko anna enn ei dotter som leiker", tenkjer hovudpersonen Leda. Elena Ferrante byr på ei forteljing som vil skake og røre lesaren, ikkje berre vi som er døtre, men alle som er fødd av ei mor.

I dette lumre generasjonsdramaet kastar forfattaren inn ein skummel rekvisitt – ei stolen dokke. Historia er enkel på utsida: vi møter den snart femti år gamle akademikaren Leda på sjukehuset når ho har svima av bak rattet, kanskje på veg frå ferieopphaldet resten av boka har som ramme.  På eit strandhotell ved den joniske kysten strøymer minner og kjensler på. Ho blir varta opp og flørta med, men ser også strandidyllen bli meir eller mindre kuppa av ein ufyseleg napolitansk storfamilie. Ein jentunge forsvinn, men ingen katastrofe skjer – bortsett frå at vesla  har mista dokka si. Det er altså hovudpersonen vår som har tatt den skitne, stygge leika.

Få kan som Ferrante skildre dei mest destruktive kreftene i menneska. Leda veit ikkje sjølv kvifor ho er som ho er, ho grunnar over det italienske omgrepet frantumaglia. Ei kvinne forklarer ordet, det er når hjarta blir splintra og ein ikkje held ut å vera i lag med seg sjølv. Ei anna kvinne definerer ordet som ei nemning for det kaotiske virvaret i hjernen. For Leda handlar det uansett om sjølvhat, om å vera på flukt frå alt og alle, og om å skape så mykje kaos og rørsle at fortida kan ristast vekk og framtida utsetjast.

 

Mellom hat og kjærleik

Som i dei kjende bøkene kalla Napoli-kvartetten slitest hovudpersonen mellom hat og kjærleik for opphavet sitt, kulturen, fattig-kåra ho vaks opp i. Denne romanen frå 2006 liknar likevel meir på boka Svikne dagar, som kom ut på norsk tidlegare i år, og også skildrar den godt vaksne kvinnas oppgjer med livsløgner og sine næraste. Fokuset er smalare og meir intenst, mennene er mest statistar i denne romanen.  Alt spinn kring eit livmor-nav, mødre som får døtre, døtre som kanskje elskar å leike dokke-mamma, men som oppdagar at dei hatar å bli mødre. Kanskje er det difor Leda lenge vegrar å levere den stolne dokka tilbake. Den må pleiast, reinsast, reddast.  Leda nyt kjensla av å kunne «kurere» dokka, og å drøyme om kva nye klede dokka kanskje skal få – sjølv når ho dagleg ser kor utrøysteleg den vesle dokke-eigaren er.

 


Elena Ferrante:
Den dunkle dottera

Roman
Samlaget
150 sider
Kristin Sørsdal

Få kan som Ferrante skildre kvelande indre og ytre rom, andelause sekund der ein ambisjon går i knas, eller mane fram lyden av ei von som brest. Forfattaren klaskar til med sjokkbomber og dramatiske hendingar, i ein forteljartradisjon utan angst for melodrama og klisjéar. Berre ein meistarskribent kan skape ordkunst av dette, og ikkje falle djupt i skillingsvise-grøfta. På nesten magisk vis let Ferrante brunt spytt renne frå ein dokkemunn så lesaren kvalmast, eller kjenner seg på gråten når ei glasdør knusest og blir til ein evig usynleg mur mellom to søstre.

 

Skuggetankar herjar

pråket kling rikt, elegant og solid. Kristin Sørsdal har i fleire år hatt ei stø nynorsk-hand om Ferrantes ofte lange strekk med innskotne bi-setningar og utstudert teiknsetjing.  Når det må til blir italienske ord forklåra og utheva, utan overdriven pedagogisk bismak. Det einaste denne lesaren undrar seg svakt over, er valet av sjølve tittelen. Forteljaren Leda er nok ei dunkel dotter, dersom ein vil kalle ein person dunkel. På  originalspråket nyttar Ferrante ordet oscura  – oftast brukt om noko mørkt, men også om det løynde eller skuggelagte. Hovudpersonen Leda er alt dette, det er i henne skuggetankar herjar, det er ho som har løynde hjarterom der lyset aldri skin heilt inn, det er ho som tenkjer på si eiga mor med svartsinn og nag. «Så mykje eg leid for henne og for meg sjølv, så mykje eg skamma meg over å ha komme ut av magen til eit så utilfreds menneske.» Men hovudpersonen klarer ikkje å sjå sine eigne svik som mor, at døtrene hennar vaks opp utan minstemål av tryggleik og respekt, heller ikkje greier ho sjå seg sjølv frå deira vaksne perspektiv. For Leda har brukt heile livet på å klandre og skjemmast, sidan ho som ung rømde frå den plaga familien «som ein brannskadd som hylande riv av seg brend hud og trur at ho riv av seg sjølve brannskaden». Det er først når ei anna mor konfronterer henne med dokketjuveriet at Leda let rustinga sprekke opp. Ho blir sårbar og symboltungt i stand til både å blø, og difor kanskje også meir klar til å nærme seg døtrene sine. Stakkars, slemme «skuggedotter».

 

MAY GRETHE LERUM