Eg spør meg sjølv kva spor eg følgjer, og kva far som blir att etter meg, seier Gudmund Skjeldal.
Gudmund Skjeldal har blitt nummer to på femmila i Holmenkollen og vore litteraturansvarleg i Bergens Tidende. Nå er han aktuell med boka Begrav meg i snø.
Forfattar: Gudmund Skjeldal (46)
Aktuell med:
Begrav meg i snø, Skald forlag
Dagboktekstar om ein makelaus vestlandsvinter er blitt illustrert og kling saman med snømotiv av grafikaren Kristian Finborud.
Hvorfor skrev du akkurat denne boken?
Det blå lyset i etsingane til Finborud egga meg: Kunne dei slå følgje med mine refleksjonar frå november til april månad? Eg har komme halvvegs i livet, kan henda, og spør meg sjølv kva spor eg følgjer, og kva far som blir att etter meg. Alle spor skal bli sletta ut. Den erkjenninga gjer dei små gledene i kvardagen endå viktigare.
Tre favoritter:
Fjodor Dostojevskij: Brødrene Karamasov. Ein krim og dei største spørsmåla om tilveret i ein og samme forrykande tekst.
Knut Hamsun: Sult. Betre er ikkje Oslos gater skildra nokon gong.
Elena Ferrante: Historia om det tapte barnet. Finalen på Napolikvartetten samlar alle kloke og vakre trådar.
Sist leste bok:
Bjørn Godøy: Dobbelspill. Herleg sprø historie om ein mossing frå første verdskrig.
Eg jobbar best om morgonane, og helst før resten av familien har stått opp.
Hvilken litterær skikkelse ville du helst hatt stevnemøte med?
Kanskje Lila i Ferrantes Napoliromanar? Eller veninnna Elena Greco.
Hvem blir neste norske nobelprisvinner i litteratur?
Heldigvis har dei atten i Sverige nok med å finna ut av dette!
Hvis du var kulturminister for en dag?
Ville det sikkert blitt krangel med sekretærane umiddelbart.
Facebook og sosiale medier – fest eller kolera?
Kunsten er å logga seg av facebook i helgene, og på festane.
Et jordbærsted utenom det vanlige på nettet:
tennis.com
Fjellklatring med Jo Nesbø eller lang lunsj med Linn Ullmann i Central Park?
Lønsj med Linn Ullmann fordi Central Park er så fin.
Les også: Skriver med hjertet
Les også: Tar hevn over trolldommen
Les også: Debutanten: Andrew B. Kroglund
Les også: Debutanten: Birgit Alm
(Foto: Ellen Lande)