Eit nydeleg underspelt stykke bygd på Edvard Hoems roman og som mellom anna bekreftar at det tek tid å vere vestlending.
Dei første femti minutta er omstendelege. Det er introduksjonar av død, nytt ekteskap, den første sonen, fire ungar til, ei svigerinne, herrefolket, jordlappen i Moldelia, fjella og ikkje minst leilendingen Nesje. Men eg har gått gjennom stykket og kikka i boka og kome til at det ikkje er nokon annan måte å gjere det på sidan alt som skjer her, spesielt barnas
Det norske teatret:
Slåttekar i himmelen
Dramatisert av Kristian Lykkeslet Strømskag.
Scenografi: Arne Nøst
Med Jon Bleiklie Devik, Hilde Gjermundsen Broch, Sara Feldmann, Bjørnar Liseter Teigen, , Julie Støp Husby, Svein Roger Karlsen, Andreas Koschinski Kvisgaard, Unn Vibeke Hol
minibiografiar, er så avgjerande for ein slutt som er like rørande i stykket som i Edvard Hoems roman. Dessutan tar det som kjend tid å vere vestlending.
Forteljargrepet er skodespelarar som spelar ut si rolle og i neste augneblink er same skodespelar ved ein av scenas to mikrofonstativ for å vere tredjepersonsforteljaren, den nøytrale som driv handlinga fram. Grepet er ikkje alltid vellukka på scenene. Kimen av Tarjei Vesaas gjekk det greit med, mens Tante Ulrikkes vei fekk altfor mykje tekstmateriale på denne måten.
Fader vår og eksplosjonen
Inn mot pausa eksploderer stykket. Serianna og systera Gjertrud utfordrar slåttekar Nesje si tru på Gud, og aldri har eg sett fadervåret bli brukt meir effektivt på nokon scene eller i noko verk. Fadervår snur alt, det er fortvilt og hudlaust, spesielt når det kjem frå ein som Nesje, som sjeldan syner kjensler, men bit i seg og lar arbeidet vere målet.
Den første boka er starten på Edvard Hoems utvandrarhistorie, om slåttekaren Nesje og hans Serianna som ser borna reise ut. Ein blir sett bort til ein slektning, ein annan drar til Amerika, som omkring ein million andre nordmenn (av 1,9 milionar) gjorde. Dei drar av naud. Norge og den vesle jordlappen i Romsdal, kan ikkje fø alle, og dei drar for å sjå håp og ei framtid. Gamlefolket Serianna og Nesje, har også ein diskusjon om å reise, men dei blir. Nesje er bunde til jorda av si eiga sveitte og innsatsen han har lagt ned. Likevel har han ein draum i sitt livs horisont om å få kjøpt dei 16 måla jord av amtmann Leht nede i Molde, som han kan sjå lys frå kvar kveld i klårvér. Da må det også vere nokon til å ta over. Problema frå 1874 kan likne dei problema primærnæringane i bygdene står ovarfor i dag og folkevandringa til Amerika er ikkje ulik migrantanes veg gjennom Europa dei siste åra, men heldigvis har stykket dyrka eigen kvalitet i staden for å dra inn moderne tids likskap med armoda i familien Nesje.
Scenografi i verdsklasse
Kunstnar og Riksteater-sjef Arne Nøst har laga mykje fin scenografi opp gjennom åra, mellom anna til konserten da Jan Garbarek framførte Molde canticle i domkyrkja i 1991, men her er det så smakfullt og effektfullt at sceenografien spelar hovudrolla ved sidan av Nesje. Videovindauga fortel oss om årstidene og varslar drama (med skyar) før dramaet kjem frå munnane. heile scenerommet er brukt, sjølv om videoveggen er bak på scena. Romsdalspanoramaet er med. Molde er som kjend ein by som berre er vakker når du står på kaia og ser utover.
Dei forskjellige vindua blir eit fenoemalt kors når Nesje går til nattverd for å søke svar og til slutt fortel den digitale teikninga av eit aks heile slutten åleine. Timinga er suveren.
Herleg underspelt
Nesje, slåttekaren, er spelt av Jan Bleiklie Devik, ein skodespelar som har alle aldrane Nesje går gjennom i stykket. Han spelar ikkje kua arbeidar på sjoblongmåten med filler og bøygd rygg. Nei, Nesje er stolt. Det er små endringar i beveging og uttrykk og små nyansar som gjer at véret skiftar i han. Ein stor prestasjon. Sara Fellmann gjer ein svært god Gjertine. Sjå opp for Sara Fellmann. Eg såg henne gjere den farlege rolla som Blanche i Sporvogn til begjær ved Teatret Vårt i fjor. Regionsteatret Teatret Vårt i Møre og Romsdal har ellers bidratt inn med dramatiseringa til teatersjef Kristian Lykkeslet Strømskag og med skodespelar Bjørnar Liseter Teigen.
Klisjeane unngått
Ein vellukka romanfigur er ein person som kjem inn som ein ting og erfarar eller lærer noko i løpet av handlinga som gjer at hen går ut som ein annan. Den same testen består heile ensemblet på Det norske teatret. Alle endrast av det som skjer. Det er ikkje sjølvsagt. Dette er ei skummel forestilling.å gje seg i kast med: Kjend og populærtstoff, lite ytre drama i romanen og med moglegheit for den evige KORK-ifiseringa: legg til pauke, strykarar og kor og all kunst blir likt av enno fleire. Patoset er fråverande. Nokre er underspelt, slik dei skal vere. Andre er overspelt, som dei skal vere, utan å bli parodiar, sjølv om Svein Roger Karlsens rollefigur er nær buskiskomikken nokre gonger. Det er utvalet av scener og tekst som gjer dette, ikkje Karlsen.
Slåttekar i himmelen er så sterk, så sterk når ein aksepterer at det er vanskeleg å korte ned starten for å kome raskare til det store spørsmålet, should I stay or should I go, verdas mest kjende drama. Og framleis eit av dei mest effektive til å framkalle deltaking og store kjensler frå dei små blaffa som går gjennom folk, kvardagsliv og magiske minutt som avgjer alt.
VIDAR KVALSHAUG