Byen mot mennesket

Hun ble fanget opp av forlaget etter en skrivekonkurranse, og debuterer med en diktsamling om byen og hvor vi er på vei som mennesker.

Debutant: Margrethe Aas

Debuterer med: Vy

Sjanger: Lyrikk

Forlag: Tiden forlag

Bokens tre første setninger:

Fuglane sirkla inn og vatnet

meandersvingingar skapte staden

and then one thing led to another

Fortell kort om boken din:

Med Vy har eg ønska å utforske eit samtidig, norsk bylandskap. Korleis vi formar ei busetjing i vår tid, og korleis den formar oss.

aas2
Hvordan fikk du ideen til denne boken:

Eg vil ikkje akkurat seie at det kom ein idé om ei bok. Det var vel meir at det kom mange små tekster som viste seg å ha noko til felles, og dei ville gjerne bli til ei bok.

Hva var det første du gjorde da du ble antatt?

Eg vart ikkje eigentleg antatt. Eg vart kontakta av Tiden etter at eg vann ein skrivekonkurranse. Og da drog eg på hytta og tenkte at det var på tide å ta det å skrive seriøst.

 

Hva tenker du om forlaget du debuterer på:

Eg har opplevd eit veldig fint samarbeid med Kjetil og dei andre på forlaget. Eg tenkjer at dei er modige og profesjonelle folk som bidrar til eit levande miljø rundt seg. Det har vore lærerikt og bra å utvikle boka saman med dei.

Hva skal du bedrive sommeren med mens du venter på høsten og utgivelse?

I sommer skal eg vere heime og snekre. Det gler eg meg veldig til.

Hva har vært viktigst for din skriving?

Det aller viktigaste har vore å ha ein stille plass å vere for å arbeide. Det har også vore viktig med alle gåturane og bussturane eg har hatt gjennom byen, som eigentleg var for å gjere heilt andre ærende enn å skrive. Og så har oppmuntrande ord frå folk eg ser opp til betydd mykje.

Ditt norske forfatterforbilde og hvorfor?

Da vil eg gjerne trekke fram Mona Høvring. Eg møtte henne på ÆÅ Trondheim Litteraturfestival i år, der ho hadde fleire opplesingar og delte nokre tankar om det å skrive. Eg opplevde det ho sa som ektefølt og inspirerande. Seinare har eg lest bøker av ho med stor glede.

Hvor ser du deg selv som forfatter om 10 år?

Eg vonar eg vil kunne fortsetje å utforske og erfare gjennom å skrive.

(Hovedfoto: Vigdis Haugtrø)