Brageprisen i klassen for skjønnlitteratur går til Tore Kvæven for romanen "Når landet mørknar".
– Tusen takk, sa Tore Kvæven da han fikk prisen. – Dette er et stort øyeblikk, jeg vil takke redaktør Kjersti Instefjord, som har gjort en kjempejobbb. Og jeg vil også sende en takk til Samlaget, som også har gjort en kjempejobb og backet meg opp, sa Kvæven.
– Et dystert, men visjonært verk, sa kulturminister Trine Skei Grande om boken som vant prisen. – Språket klinger av en fjern tid som er preget av andre tankesett, men historien roterer om grunnvilkår om menneksenes eksistens.
Tore Kvævens roman fra 1200-tallets Grønland er ifølge juryen «en mesterlig kjærlighetserklæring til naturen og livet. Boken er kommet ut på Det norske Samlaget, og under kan du lese hele juryens begrunnelse for å gi prisen til Kvæven:
«Alle dei nominerte bøkene i kategorien skjønnlitteratur for vaksne er skrivne av forfattarar med stor vilje og evne til å leve seg inn i andre, og dei gir kvar sitt unike perspektiv på samfunnet vi lever i her og no.
Forfattaren av vinnarboka utmerkar seg som ein spesielt vidsynt forteljar, som med imponerande detaljkunnskap og levande fantasi tar oss med til ei anna tid, eit anna landskap og eit anna samfunn. Samtidig kan den dramatiske historia lesast som uttrykk for kjensler knytt til krefter som rører seg i vår eiga tid.
Boka utmerkar seg spesielt gjennom både livaktige og poetiske skildringar av naturtablå som ikkje liknar noko dei fleste av oss får sjansen til å sjå med eigne auge. Vi møter, mellom anna, ein symjande isbjørn som får følgje frå det store havdjupet på si desperate ferd mot nye kystar og nye bytte. Det leier tankane mot isbjørnen som misser næringsgrunnlaget når pol-isen smeltar, eller ein kan sjå likskapen mellom dette store rovdyret og maktmenneska som denne romanen også skildrar. Men tanken på isbjørnen i bølgjene og den enorme, blinde haien som kjem opp frå mørket under han, fascinerer først og fremst på grunn av imaginasjonskrafta i biletet sjølv.
Vi er, sjølvsagt, på Grønland, og året er 1293. Språket kling av at dette er ei fjern tid prega av andre tankesett. Men historia om korleis den unge, sterke og ambisiøse Arnar Vilhjalmsson møter både kjærleiken og overmakta i ein rigid æreskultur, fortel om grunnvilkår for menneskeleg eksistens: Om naturkrefter vi gjer vel i å respektere, men også om kva krefter som trugar den menneskelege fellesskapen innanfrå.
Vi snakkar om eit dystert, men visjonært verk, ei medrivande historie med ein estetikk som skil seg ut i samtidslitteraturen. Vinnaren av Brageprisen 2018 i kategorien Skjønnlitteratur for vaksne er Når landet mørknar. Gratulerer Tore Kvæven!»
De nominerte
Her er de øvrige nominerte i klassen for skjønnlitteratur.
Gunnar Wærness: Venn med alle, Forlaget Oktober
Maria Kjos Fonn: Kinderwhore, Aschehoug forlag
Trude Marstein: Så mye hadde jeg, Gyldendal