SOMMERGJESTEN: I dag har vi besøk av Brynjulf Jung Tjønn, leder av Forfatterforeningen og forfatter av diktsuksessen «Kvit, norsk mann».
— Om man lykkes med ei bok, blir det ofte mye jobb som gjenstår etter at den er skrevet?
— Denne våren har eg reist mykje rundt på litteraturfestivalar, bibliotek og skular og snakka om Kvit, norsk mann. Eg hadde aldri trudd at boka skulle få så mykje merksemd, som i tillegg har toppa seg med fire opplag og tre litteraturprisar: Kritikerprisen, Ungdommens kritikerpris og Nynorsk litteraturpris.
— Ja, men du er også blitt general for forfatterne.
— I juni starta eg som ny leiar i Den norske Forfattarforening. Det har vore ei hektisk første månad som leiar, men samtidig lærerikt og givande. No ser eg fram til ein sommar, kor eg både får lese litt bøker, men også skrive vidare på eigne prosjekt.
— Hvor tilbringer du så en antagelig etterlengtet ferie?
— Det blir litt Vestlandet, litt på hytta i Hallingdal, litt Oslo og aller mest på Sørlandet.
— Hva må en god sommerferie inneholde?
— Eg er glad i strandliv, men også turar på fjellet. Gjerne litt tid til å lese, høyre på musikk og til å skrive. Eg treng også ei veke heime på garden i Feios, der ein vanleg sommardag er 17 grader og lett regn. Og så må eg ha nokre lange løpeturar.
— Hvilken bok er den beste du har lest så langt i år? Og hvilken ligger øverst i bokbunken i ferien?
— Beste og viktigaste boka eg har lese hittil i år er Ingen kan spytte på et smilende ansikt av Synne Sun Løes. Det er ei essaysamling om det å vekse opp i Norge og føle seg annleis. Sun Løes er adoptert frå Sør-Korea, akkurat som meg, men fekk i vaksen alder kontakt med sine biologiske foreldre. Det er sterkt å lese korleis ho må handtere traumane til si koreanske slekt, samtidig som ho også må takle livet som annleis i Norge.
Denne sommaren har eg tenkt å lese dei to siste bøkene til Trude Marstein og Linn Ullmann, to forfattarar eg alltid har stor glede av. Og på tampen av ferien rekk eg kanskje å lese Ild, tenner, vann, tunge av Nhu Diep, ei bok som blir utgitt i starten av august. Ho skriv om foreldra sine som kjem som båtflyktningar frå Vietnam til Norge med ti barn på slutten av 70-talet. Ein familie som har mista alt og som må starte på nytt i eit framandt land. Forteljingane om flyktningar frå Vietnam er ein viktig del av norsk historie, men som nesten ikkje finst i norsk samtidslitteratur. Men no endrar det seg heldigvis.
— Automatisk fraværsmelding eller litt mailsjekking fra stranden?
— Eg er ganske flink til å koble heilt av frå jobbmail i feriar.
— Hva står på bordet hvis du får velge ditt perfekte sommermåltid?
— Veldig glad i ulike typar salatar om sommaren, men favoritten er sushi, uansett årstid.
— Hvem ville du invitert til bords, hvis du ikke kunne velge familie eller kjæreste?
— Det hadde vore hyggeleg å samle dei nye kollegaene mine i administrasjonen og styret i Den norske Forfatterforening! Og så vår nye kulturminister, Lubna Jaffery.
— Hvem i Bok-Norge vil du helst gi en blomsterbukett?
— Min forgjengar i Den norske forfatterforening, Heidi Marie Kriznik, som har gjort ein stor innsats for norske skjønnlitterære forfattarar.
— Hvis du fikk være kulturminister for en høst – hva er det første du ville gjort?
— Fleire arbeidsstipend er eit av dei viktigaste politiske verkemidlane for at norske kunstnarar skal kunne utvikle kunst av høg kvalitet. Eg ville også forbetra dei sosiale rettane for kunstnarar. Det er også viktig at alle barn får ta del i breiddeidretten, men også andre typar kulturutrykk, som musikk og visuell kunst.
— Hvis du kunne satt én bok på pensum i norske skoler; Hvilken og hvorfor?
— Her er det vanskeleg å velge ei bok. Det må bli minst tre bøker: Eg snakkar om det heile tida av Camara Lundestad Joof, Vi puster fortsatt av Yohan Shanmugaratnam og Norsk nok, redigert av Mala Wang-Naveen.
Se tidligere sommergjester her!