Blir berre betre og betre

STERK BOK: 400 sider frå Elena Ferrante blir sleppt i dag og bør gle både gamle og nye lesarar.

Eit armband, familieband og det å vere 15 år og midt i alle andre sine kriser. Elena Ferrante er ute med første nye roman etter Napoli-kvartetten.

Det er lenge sidan Elena Ferrante meldte seg på i toppsjiktet i europeisk litteratur. Det er minst like lenge sidan lesarar oppfatta at romanene er langt meir interessante enn den italienske spørjeleiken «Kven ER Elena Ferrante eigentleg? Mann? Dame? Tilsett i forlag? Ein ukjend?»

I Norge starta det med ei bok i på Gyldendal 1994, seinare gitt på nytt under tittelen Kvelande kjærleik på Samlaget. Både den og Svikne dagar er verkleg gode romanar,


Elena Ferrante:
Dei vaksnes løgnaktige liv
Skjønnlitteratur
Samlaget
400 sider
Omsett av Kristin Sørsdal

men dei er altså tidlege bøker, sjølv om dei kom ut etter Napoli-kvartetten her i Norge. Også denne nye boka er i Kristin Sørsdals omsetjing.

Første roman etter kvartetten

Dei vaksnes løgnaktige liv er den første romanen skriven etter Napolikvartetten, og for ein progresjon Elena Ferrante har. Vi er hos nye familiar i Napoli. Tidleg-tenåringen Giovanna, foreldra hennar, deira vener og ei tante, er dei vi blir kjende med først. Faren og tanta Vittoria har eit sterkt uavklart forhold. Giovanna blir ein del av det problematiske, anten ho vil det eller ei, og Giovanna er motoren i både familien og romanen, ho som får ting til å skje.

Samtidig blei eg stadig flinkare til å skjule for foreldra mine det som skjedde med meg. Eller snarare: Eg perfeksjonerte måten eg sa sanninga på. Sjølvsagt gjorde eg det ikkje med lett hjarte, det gjorde vondt. Når eg var heime og høyrde skritta deira i romma, noko eg elska, når vi åt frukost, pranzo eller middag i lag, dominerte alltid kjærleiken min til dei, og eg var på nippet til å rope: Pappa, mamma, de har rett, Vittoria hatar dykk, ho er hemngjerrig, ho vil ta meg bort frå dykk og skade dykk, hald meg tilbake, nekt meg å møte henne. Men så fort dei begynte med den superkorrekte måten sin å snakke på, med den avmålte tone, som om alle orda faktisk skjulte andre meir sanne ord som dei ville stenge meg ute frå, ringde eg i all hemmelegheit til Vittoria og avtalte å møtast. 

I regla heiter det Ta den ring og la den vandre / fra den ene til den andre, men her er det eit armband som går frå arm til arm. Eigarskapen og opphavet til dette armbandet, er med på å vise ein temmeleg kompleks familiestruktur, og det er med oss heilt til dei siste sidene, heilt til Giovanna tar ei stor avgjerd etter å ha hatt altfor mykje ansvar for relasjonane gjennom 400 sider.

Effektiv framdrift

Kva er det Ferrante gjer som andre ikke kan? Framdrifta er god. Kvar scene varer ikke særleg lenge, men har alltid ein veg vidare, ein komponent som held tempoet oppe. Kvar scene synes naudsynt for å gi djupne til folka, til å gi dei nok bakgrunnshistorie slik at dei kan gå vidare i flettverket. Ferrante er også uhyre tru mot 15-åringen sin. Om ein ikkje følger godt med i første del, kan ein tru at jenta er eldre ut frå kva oppgåver og ansvar ho har og tar i familien. Etter kvart får vi sjå det sårbare barnet i henne også, ikkje berre med Ferrantes framstilling, men også korleis andre ser Giovanna. Og skadeskotne, såra barn med ein dæsj klassejustis, klassekjensle og ikkje minst usymmetriske relasjonar, er blitt bumerke for Elena Ferrante.

Persongalleriet er halde nede på eit naudsynt minimum, det er lett å sjå strukturar, familiane og å ha sympati/antipati alle vegar her. Romanen slenger lesaren frå kjensle til kjensle, frå gjenkjenning til gjenkjenning i familie- og tenåringsliv slik det spelar seg ut over heile kloda, får vi tru. Ferrante har stålgrep om handverket slik at det glir lett for lesaren. Motstanden ligg i folka på sidene, ikkje i komposisjonen eller omsetjinga. Kristin Sørsdal har, som før, eit moderne nynorsk og har valt former som til dømes «skolen» framfor «skulen» og e-endingar. Det flyt godt og dramaet er skakande og medrivande.

Kan ei ønske seg meir? Ja, at Elena Ferrante enno har eit langt forfattarliv utanfor personfokusets lys, kanskje?

VIDAR KVALSHAUG