– Alle har rett til skulebibliotek!

SKULEBIBLIOTEKET: Elevar på femte trinn ved Brånås skole i Lillestrøm presenterar bøker for kvarandre.

Skulebibliotek må vere noko meir enn ei bokhylle på gangen som blir rydda ein halv time i veka.

I dag feirar bibliotek over heile Noreg Nasjonal bibliotekdag. Norsk Bibliotekforening oppfordrar alle bibliotek og alle bibliotekvener og -brukarar til å vera med og feire biblioteket. I år rettar vi særleg merksemda vår mot skulebiblioteka. Biblioteka som følgjer oss frå vi startar i 1. klasse og heilt til vi går ut av universitetet. Mange stader går skulebiblioteka for lut og kaldt vatn, mens somme stader er det heldigvis både skule- og kommuneleiing som skjønar kor nyttig og bra skulebiblioteket er. Det er desse døma vi vil løfte fram, og syne kor viktige skulebiblioteka er for både å oppnå læringsmåla og for å gje ungane danning. 

Hjartet i skulen

I gode skular er skulebiblioteket hjartet i skulen. Skulebibliotekaren er der i heile skuletida og hjelper elevar og lærarar som jobbar med oppgåver, finn litteratur, vurderer informasjon eller berre treng ein stad å slappe av i eit friminutt. I fagfornyinga er det lagt stor vekt på digital kompetanse – ein kjernekompetanse for bibliotekarar! Mange skulebibliotekarar har òg ei meir eller mindre definert rolle som miljøarbeidar. Når livet går deg i mot kan det vera godt å snakke med nokon som ikkje er ein lærar som skal evaluere deg! Skulebibliotekarane er ein av mange kompetansar som trengst i skulen. 

Vi har ei opplæringslov som krev at det skal vera skulebibliotek på alle skular, og det skal vera tilgjengeleg i skuletida. Då er det ikkje bra nok at mange skular trur dei fyller kravet med å ha nokre bokhyller på gangen, med ein lærar som har ein halvtime i veka til å rydde. Eller at det er ei meir eller mindre daud boksamling bak ei låst dør, der elevane må ha med seg ein lærar til å låse opp. 

Ein god start

Norsk Bibliotekforening vislå eit slag for eit skulebibliotek der skulebibliotekaren jobbar tverrfagleg saman med lærarane og elevane, som ein arena for læring og danning. Skulebiblioteket er ein ressurs som er med og gjer skulekvardagen betre, både fagleg og sosialt.  

Vi vil bruke Nasjonal bibliotekdag for å feire alle som får det til, og for å minne andre om at eit skikkeleg skulebibliotek er ein relativt liten ressurs som styrkjer heile skulen og elevane. Eit bra skulebibliotek er med på å gje ungane ein så god start som mogleg med leseglede og nyfikenheit. Sats på skulebiblioteket! 

Vidar Lund
leiar i Norsk Bibliotekforening