«Alvorleg trekkspel» og «blaut skjor»

Snart kan kodeorda BankID sender deg på mobiltelefonen komme på nynorsk. Eit forslag om å utvide med nye ordkombinasjonar er sendt Vipps - firmaet som administrerer tenesta.

Det er ein datamaskin som bestemmer ordkombinasjonane. Ord som er plukka av ein tabell med en rekke adjektiv – og tilsvarande mengd substantiv. Det er poeten Øystein Hauge som no meiner at det i desse tabellane bør finnes plass til også eit utval ord på nynorsk.

Han meiner det vil være mange brukarar av banktenestene (også dei offentlege tenestene), som vil sette stor pris på ei slik utviding. Nynorskbrukarar finnes som kjent over heile landet. Hauge meiner at og bokmål-folk vil sette pris på ei noko større språkleg variasjon.

– Rett og rimeleg

Som folk flest er poeten ein hyppig brukar av BankID på mobil og han har stor tro på at også alvorleg trekkspel og grøn skreddar får plass i ordlista til BankID Norge.

Øystein Hauge (foto: Ola B. Nøst)

– Sidan Jamstellingsvedtaket av 12. mai 1885 har nynorsk som kjent vore eitt av to offisielle målformer i skriftleg norsk, seier Øystein Hauge til Bok365. – Og når det kjem til BankID talar vi om hundretusenvis av daglige meldingar. Det er då ikkje meir enn rett og rimeleg at også nynorsk finn sin plass i den nye koda kommunikasjonen ut til oss databrukarar.

«Storkna mannesveitte»

Han ser fram til det han meiner vil representere eit reelt språkbidrag frå finansnæringa.

– Det har gått ein del år sida nynorskmannen Aasmund Olavsson Vinje terga på seg finansfolket ved å skrive at «Pengar er storkna mannesveitte». – Men pengefolket bør vel ha furta frå seg forlengst no.

Hauge har arbeidt profesjonelt med språk gjennom over tretti år. Han er medlem av mellom anna Den norske Forfatterforeningen, og har også vore styremedlem i Det norske akademiet for språk og ytringsfrihet – Bjørnsonakademiet.