– Å skrive er å ha fri

Erlend Skjetne (foto: Leikny Havik Skjærseth)

LUKE 6: Det er under to veker sidan Erlend Skjetne stakk av med sjølvaste Brageprisen for boka «Eit anna blikk». No ser forfattaren fram til ei forkvak(k)la trønderjul med fri til å skrive.

– Kor feirar du jul i år, Erlend?

– I Trondheim. Er så heldig å ha det aller meste av familien min samla her, så det blir i lag med dei.

– Det blir ikkje jul utan …. kva?

– Eg må alltid høyre Hans Rotmos julesong Jul berre ein gong fer året minst éin gong kvar jul.

– Skrivefri i jula – eller jobbar du med eit manus?

– Eg tek nok aldri heilt fri frå skrivinga. Det vil seia: å skrive er for meg å ha fri. Eg liker så godt å gjera det at eg sjeldan tenkjer på det som arbeid.

– Kva for bok har vore den store leseopplevinga for deg i år?

– Eg måtte gå inn i bibliotekshistorikken min for å hugse attende til januar. Sigeren blir delt mellom Primo Levis De druknede og bergede, omsett til norsk ved Birgit Owe Svihus, og Kazuo Ishiguros Gå aldri fra meg, i omsetjing ved Kari og Kjell Risvik. Sjokkerande bra, båe to.

– Kva for tre bøker vil du gjerne gi bort i år?

– Eg vil gje bort to diktsamlingar. Ikkje fordi dei er utkomne på mitt eige forlag, Flamme, slik at eg sikkert kan få nokon slags rabatt, men fordi dei på svært ulikt vis syner fram kva god lyrikk kan vera: Eirik Røkkums Kaskader av okser og aske og Fredrik Hagens Omriss av åpne hender. I tillegg vil eg gje bort ei bok eg held på med no, Patrick Modianos Usynlig blekk, ein fabelaktig roman. Det beste er at eg har lånt boka på biblioteket, så denne gåva treng eg ikkje eingong betala for.

– Kva for bok som har betydd mykje for deg gjennom livet, vil du anbefale andre å lese?

– Eg vender stendig attende til Olav Nygards Dikt i samling. Lyrikken hans er eit lite stykke himmel på jord, for å seia det med ein juleklisjé.

– Kva er den beste julegåva du har fått?

– Eg fekk vel fyrste kysset frå ho som no er kona mi 2. juledag for ein del år sidan, så eg trur ikkje eg bør, eller vil, svara noko anna.

– Kva spår du blir snakkisen i litteraturfeltet i 2022?

– Det at Karl Ove Knausgård i februar publiserer ein roman på 741 sider, som kritikarane insinuerer at kanskje med fordel kunne ha vore hakket kortare. Likevel fylgjer han i mai opp med ein roman på 1392 sider, og i november ein på 2216 sider.

– Om du berre kunne velje éin: Prøysen, Sissel, Donald, Sølvguttene eller Askepott?

– Donald Duck, alle dagar i året. Ei forkvakkla jul er den einaste jula for meg.