Det vanlege er det progressive

DEBUTANT: Vellukka, gamaldags diktsamling frå Erlend Skjetne. Foto: Flamme Forlag

Erlend Skjetne er ein av fire nominerte til Tarjei Vesaas´debutantpris.

Tarjei Vesaas´ debutantpris skin enno, og dei siste åra har det vore praksis å nominere kandidatar, å legge fram ei kortliste før utdelinga i mars. Eg undrar på kvifor Mari Andreassens glitrande novellesamling Hvor lenge varer vi ikkje er blant dei?

«Ifølge statuttene for prisen skal det legges stor vekt på at forfatteren er ung, gjerne under 35 år. Det viktigste er likevel at prisen tildeles det beste skjønnlitterære arbeidet» står det på Den norske forfatterforenings heimesider.


Erlend Skjetne:
Skare
Skjønnlitteratur
Flamme Forlag
80 sider

Mari Andreassen er fødd i 1983, men i staden for å etterlyse ho, ser vi heller på ein presentasjon av fire nominerte og Erlend Skjetne er blant dei fire utvalde for sin lyrikkdebut Skare. 

Skjetne, fødd 1988 og frå Melhus i Trøndelag, er ein uvanleg debutant i 2020. Det ryr av  skuldingar om forenklingar, nyenklingar og instagramvenleg dikting i mediene, og det er ikkje positivt meint. Samstundes er salet av antologiar høgt og det blir publisert, delt og lese kjensler, frykt, angst, forelskingar og andre bekjenningar over ein låg tresko. Høgdiktinga er likevel ikkje borte og langdiktinga lever. Erlend Skjetne si uvanlegheit er å gå tilbake til ei kjend og kjær form, som mange stader ligg tett på naturlyrikken. Den kimsar vi ikkje av i dette bratte landet. Skjetne er meir enn naturbeskrivingar, sjølvsagt. Han skriv om menneska og røpar historiene deira, for han vil både fram og tilbake i tid. Ubehaget er å stå stille, i stilla, på skaren.

Tanken på Vesaas

I stil og motiv legg han seg ikkje så frykteleg langt unna sjølve opphavsmannen for prisen, Tarjei Vesaas, og meisterens lyrikk. Midt i alle romanane må ein ikkje gløyme Vesaas´lyrikk, seks enkeltsamlingar og ei rekke utgåver med samla dikt.

Fuglemotiv, snø og kulde og «ein halvlagd kabal på bordet» fortel om eit forhold, utforskinga av kjærleik, grenser, når ting startar og når dei tek slutt. Oppspelet er diktet Speik som for stå aleine før første avdeling startar:

 

Som eit gamalt, fråflytt hus

knirkar snøen under føtene dine.

 

Skavlane glitrar i den strenge kulda.

Frosten har òg sine eldfluger,

som finn si næring i stilla.

I den stilla skal vi bu.

 

Tanken på Hans Børli

Det går an å tenkje på arbeiderdiktaren Hans Børli sine glenner, vengjespenn og av og til ironiske, inneslutta prising av natur. Skjetne har fleire nikk til han. «Eg hugsar teknikken, faldar / den smale steinen ut til ein fugl» er ikkje langt unna diktet om diktarkunsten der Hans Børli spør om du har prøvd å sette vinger på en stein.

Skare er eit hardt lokk over naturen og menneskenaturen, ei innelåsing av alt som er under, ein tilstand, men Erlend Skjetne har trua. For kva optimisme er det ikkje i utsegna «det vérslitne berget skal bløme»? Det overgår Børli sine meir nødtørftige lyriske bilete.

Skjetne besøker også fedre, eldre menn og barndom i si nominerte bok, og om det finnes ei programerklæring så tidleg i hans forfatterskap, ser vi kanskje spiren av den i påstanden «Det er forbode å skrive dikt / om blomar som ikkje har visna».  Denne diktsamlinga er tilgjengeleg, men ikke forenkla. Kvart dikt har lag av eit større tanke- og språkarbeid under tilsynelatande lette linjer.

Og fins det noko meir progressivt enn dette i vår tids poesi?

VIDAR KVALSHAUG