20.000 barn i nynorsk-aksjon

KICK-OFF: Sjuandeklassingar i Stryn er med på den store leseaksjonen.

Nynorsk barnelittteratur blomstrar. I år er det også fleire 2019-bøker med i antologien.

I januar 2020 er det klart for ein ny Tid for ti-aksjon på 7. trinn i norsk skule. No med eit fleirtal av bøker utgjevne i 2019.

PROSJEKTLEIAR: Foreningen !les og Ole Ivar Burås Storø. Foto: Kristine Strøm

 – Det har vore fleire nyare titlar å velje mellom i år enn tidlegare. Særleg når vi i Tid for ti også inkluderer ungdomsbøker, både skjønnlitteratur og sakprosa. Men det er tydeleg noko på gang i nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Han blomstrar for tida, seier prosjektleiar for Tid for ti i Foreningen !les, Ole Ivar Burås Storø.

På lista over bøker som er med i den nye antologien, som i januar 2020 blir send i eit opplag på 25 000 til skular og bibliotek rundt i landet, finn vi fleire titlar frå 2019. Burås Storø viser til stor breidde i utvalet.

– I den nye antologien er det utdrag frå romanar, teikneserie, sakprosa, dikt, illustrerte bøker og ei novelle. Elevane vil få møte fleire ulike sjangrar og tema, seier han.

Prosjektleiaren fortel at teikneserien Pepar & Gulrot av David Revoy berre finst i digitalt format, og at fleire episodar er tilgjengelege på ei nettside for elevane som ønskjer å lese meir.

– Slik inspirerer papirboka elevane til å lese digitalt. Boka kan òg ha ein slik funksjon. Dette synleggjer òg samspelet mellom det analoge og digitale. Tid for ti har dessutan lydfiler til alle utdraga, så alle format er inkluderte i aksjonen.

20.000 påmelde

Til no er 20 000 påmelde aksjonen. Det er framleis mogleg å melde segpå, ifølgje Burås Storø.

– Men av erfaring veit eg materiellet forsvinn fort. Så skular og bibliotek som vil melde seg på, bør ikkje nøle for lenge. Påmeldingsskjema finst på foreningenles.no, og antologiane kjem til skular og bibliotek i starten av januar 2020.

 

Dette er boklista til Tid for ti 2020:


Mareritt av Linn T. Sunne. Samlaget 2019.


1000 dagar av Inger Johanne Sæterbakk. Aschehoug 2018.

Som ein bror. Historia om sjimpansen Julius av Alfred Fidjestøl. Samlaget 2019.


Blå flaggermus av Harald Nortun. Samlaget 2019.


Kamikaze av Geir Tangen. Novelle i Exit
Gyldendal 2019.

Skogen den grøne av Ruth Lillegraven. Samlaget 2018.

Pepar & Gulrot – Pysjamasfesten av David Revoy. Omsett av Arild Torvund Olsen og Karl Ove Hufthammer. Revoy 2019.

Polarnatt av Sunniva Relling Berg. Illustrert av Bjørn Rune Lie. Samlaget 2019.

Nattmannen av Anders Totland. Illustrert av Kristian Krohg-Sørensen. Gyldendal 2019.

Djevelen vil alltid finne deg av Lars Mæhle. Samlaget 2019.