GLAD NYHEIT: Bokbåten Epos kan sjå ei lys framtid i møte som flytande litteraturhus, etter at Fritt Ord har vedtatt å løyve tre millionar kroner over tre år til det kjærkomne kulturtilbodet langs kysten.
Heilt sidan 1963 har Epos gledd lesarar og lånarar langs kysten med bøker og besøk. Då det blei klart at også Vestland fylke ville legge ned bokbåten i 2020, tok Alver kommune eit initiativ for nytt samarbeid mellom kommunane som mista det kjærkomne kulturtilbodet i grendene sine. Hausten 2021 gjekk 28 kommunar saman om å gi Epos ny vind mot hamner i grender og bygdelag langs vestlandskysten. Det flytande litteraturhuset gjennomførte 44 anløp og gjennomført 88 arrangement frå Seljevågen i nord til Karmøy i sør, frå august til november denne hausten.
– Med ei langsiktig og raus løyving frå Fritt Ord ligg det no til rette for eit framhald for bokbåten som flytande litteraturhus. Dette vil innebere ei eineståande styrking av det litterære kulturtilbodet i distrikta, seier Janne Karin Støylen som har leia arbeidet med søknaden som prosjektmedarbeidar i Tekstallianse. – Tildelinga frå Fritt Ord gjer at vi no kan sikte mot at Epos skal vere klar til ny sesong med litterære program, debattar og bøker allereie til hausten, legg ho til.
Tekstallianse har tatt på seg å halde i prosjektet fram mot etableringa ein sjølvstendig organisasjon kring drifta av båten. Målet er å klargjere driftsmodellen i løpet av våren, slik at eit stiftingsmøte kan haldast før sommarferien. – Vi er svært glade for at tidlegare biblioteksjef i Alver kommune har tatt på seg å utgreie kva for løysingar som kan fungere best for kommunar og arrangørar som vil ta i mot båten, framover, seier dagleg leiar Inga Moen Danielsen.
– Erfaringane denne hausten har vist at det finst ulike løysingar korleis samarbeidet mellom lokale vertskap og tilboda om bord i Epos best kan organiserast og gjennomførast, utdjupar Marit Gro Berge. – Difor ser vi føre oss å legge til rette for å tilpasse tilbodet, alt etter kva som høver best for den enkelte arrangør.
Les også: Protesterer mot bokbåt-nei
Korleis ein best kan organisere tilbodet i høve til eigarskap, framleige, tilhald, programmering, koordinering, ruteplanlegging og gjennomføring av turne-verksemd vil også bli opp til eit nytt styre og ein ny dagleg leiar å ta stilling til. – Med denne løyvinga kan vi no sikte mot å tilsette dagleg leiar for «Det flytande litteraturhuset» i ei prosjektstilling så raskt som råd, og i alle fall i løpet av sommaren 2022. Vi opplever stor entusiasme og engasjement for Epos frå mange hald, og gler oss til å rigge eit breitt samarbeid rundt framhaldet for båten, legg Inga Moen Danielsen til.
– For Stiftinga Fritt Ord er bibliotek og litteraturhus sjølve kjernen av føremålet vårt. Difor er det ei stor glede å støtta «Det flytande litteraturhuset» på Vestlandet. Bokbåten vil bringe gode litterære program og debattar til stadar i landsdelen som elles ikkje har for mange tilbod. Dette er svært viktig for den offentlege samtalen, seier styreleiar i Fritt Ord, Grete Brochmann.