Sigri Sandbergs bok "Mørke" kom ut på norsk i februar i år, og er allereie selt til sju språk.
– Dette er i ferd med å bli eit lite eventyr, seier forlagssjef i Det Norske Samlaget, Håkon Kolmannskog.
Det er stor internasjonal interesse for Sigri Sandbergs bok Mørke. Stjerner, redsel og fem netter på Finse som kom ut på norsk i februar i år. Boka er allereie selt til sju språk: Engelsk, fransk, italiensk, nederlandsk, polsk, tsjekkisk og tysk.
– Boka kjem ut på dedikerte forlag i utlandet, seier agent Gina Winje, og meiner det er spesielt at boka kjem ut allereie til hausten i Storbritannia og i Nederland.
– Dette er ei høyaktuell bok. Sandberg skriv personleg og medrivande om eit tema vi veit lite om, og som er langt viktigare enn vi har trudd, seier Winje.
– Eit par glade dansetrinn
– Dette er surrealistisk og fantastisk gøy på same tid. Eg er inderleg takksam for samarbeidet med redaktør Cecilie Seiness (i Samlaget) – og for at Gina Winje (i Winje Agency) gir boka venger ut i verda. På denne måten kan fleire få augene opp for kor viktig det naturlege mørket eigentleg er og kva vi er i ferd med å miste. Eg tek eit par glade dansetrinn når ingen ser på, ler Sigri Sandberg.
Ho er utdanna journalist og har arbeidd norske aviser i over 20 år. Sandberg har budd mange år på Svalbard, og skrive ti bøker. Utanlandske forleggarar peikar på at Sigri skriv om mørke på en måte som treff lesaren på ein eksistensiell måte. Sandberg gjer lesaren klar over at mørke er ein vesentleg del av livet og tek leseren med på ei fascinerande reise, til hytta på Finse og til Svalbard. Samstundes får vi viktig kunnskap om kva mørket betyr.
– Vi gleder oss stort over Sigri sin suksess. Så omfattande utanlandssal på så kort tid er utruleg inspirerande for oss som trur på den litterære og engasjerte sakprosaen. No vonar eg endå fleire her til lands får augo opp for denne perla av ei bok, seier Kolmannskog.