Mari Reinholt Aas overtar stillingen som ny redaktør for barne- og ungdomsbøker etter Brynjulf Jung Tjønn.
Mari Reinholt Aas har jobba som sals- og marknadskonsulent for barnelitteraturen i Samlaget sidan 2015 og har sidan 2020 vikariert som forlagsredaktør for barne- og ungdomsbøker.
Merete Pharo er tilsett som ny sals- og marknadskonsulent for barn og unge etter at Reinholt Aas går over i ny stilling.
Merete Pharo har bakgrunn som bokhandlar på Tronsmo og har vore vikar som sals- og marknadskonsulent for barne- og ungdomsbøkene sidan 2021.
«Vi er hoppande glade for å få halde fram med å arbeide med Merete og Mari. Med dei på laget er Samlagets barne- og ungdomsforfattarar i dei aller beste hender,» seier forlagssjef Håkon Kolmannskog i ein kommentar.