Deichman Bjørvika er blant dei nominerte til "Årets bibliotek". Se alle dei nominerte her.
For 30. gong skal Norsk Bibliotekforening dele ut prisen for «Årets bibliotek». Over 100 framlegg på til saman 52 bibliotek gav juryen ein vanskeleg jobb med å finne dei fem til finalerunden. Dei fem som er i finalerunden er, i alfabetisk rekkefølgje:
- Deichman Bjørvika, Oslo
- Haugesund folkebibliotek
- Meieriet bibliotek, Vestvågøy
- Tromsdalen bibliotek, Tromsø
- Universitetsbiblioteket i Stavanger
Sjå heile grunngjevingane her.
– Vanskeleg arbeid
– Det har vore eit vanskeleg arbeid å velje ut fem bibliotek mellom så mange gode kandidatar, seier Vidar Lund, juryleiar og leiar i Norsk Bibliotekforening.
– Alle desse biblioteka utmerkar seg innanfor ulike nisjer. Oslo har endeleg fått sitt nye hovudbibliotek og Haugesund tek vare på og utviklar eit aktivt, moderne bibliotek i eit kulturminne. Meieriet bibliotek og Tromsdalen bibliotek er særs aktive i sine lokalsamfunn, mens Universitetsbiblioteket utmerkar seg på tilrettelegging for studentane. Dei er gode førebilete, avsluttar Vidar Lund.
I juryen har desse site:
Hildegunn Hestnes, seksjonsleder Trøndelag fylkesbibliotek (fjorårsvinnar)
Trine Skei Grande, stortingsrepresentant
Heidi Austlid, direktør i Forleggerforeningen
Sumaya Jirde Ali, forfattar, samfunnsdebattant, forfattar og student
Vidar Lund, leiar i Norsk Bibliotekforening
Prisen blir delt ut under eit digitalt arrangement i Oslo 12. januar 2021.