Willy Brandt-prisen til Jon Fosse

Jon Fosse (foto: privat)

Fekk pris for å styrke banda mellom Noreg og Tyskland.

 

Forfattar og dramatikar Jon Fosse vinn Willy Brandt-prisen 2016 saman med den tyske språk- og kultureksperten Julia Stöber.

 

jon_fosse_c_privat_3_2jpgDet er den norsk-tyske Willy Brandt-stiftinga, som gjev prisen til personar eller institusjonar som gjennom arbeid har bidrege, på ein særskilt teneleg måte, til å styrke banda mellom Noreg og Tyskland. Fosse og Stöber fekk prisen for sine varige bidrag under ein seremoni i Stortinget i ettermiddag.

– Eg har eit nært tilhøve til litteraturen og til teateret i det tyske språkområdet. I Tyskland har det vore over hundre produksjonar av stykka mine, mange av desse har eg sett sjølv. Og slik har eg fått mange gode og nære tyske vener. Eg føler meg heime i Tyskland, seier Fosse i takketalen sin, som vart formidla på tysk av kona Anna i hans fråvær.

 

Djupe spor

kafka-og-fosseHan fortel at fleire tyskspråklege forfattarar har sett djupe spor i han. Ei av dei han ikkje kjem utanom er Franz Kafka. Omsetjinga av Kafkas Forvandlinga og andre forteljingar, til nynorsk på SKALD forlag, er Fosses aller siste bidrag til den tysk-norske samarbeidet.

– Eg er takksam for at det nære tilhøvet mitt til Tyskland no så å seia får eit offisielt teikn ved at eg vert tildelt Willy Brandt-prisen, seier Fosse.

 

Les også: Endelig ble det Fosse