LYRISK: Drammensbiblioteket inviterte i kveld til festaften og prisutdeling av landets største poesipris på bibliotekets hovedscene.
Den norske Forfatterforening lanserte idéen om en samlende nasjonal poesipris med Triztán Vindtorns navn. Drammen kommune etablerte prisen sammen med Aschehoug forlag og Den norske Forfatterforeningen i januar 2013. Prisen skal gå til en norsk forfatter som har gjort en stor innsats for norsk poesi.
Årets vinner er populære Pedro Carmona-Alvarez (f. 1972). Med debutsamlingen Helter (1997) ga han et vitalt tilskudd til norsk poesi. Siden debuten har han utgitt en rekke bøker i ulike sjangrer. Carmona-Alvarez har tidligere mottatt en rekke priser, blant annet Sultprisen, P2-lytternes romanpris og Kritikerprisen. Han er også musiker i flere band.
Formålet ved prisen er å øke interessen og ta et krafttak for poesien. Prisen skal i tillegg holde minnet om poeten Triztán Vindtorns litterære verk ved like og gi Drammen mulighet til å bidra som kulturby i nasjonal sammenheng.
Prisen er i dag et samarbeid mellom Drammen kommune, Aschehoug forlag, Forfatterforeningen og Viken fylkeskommune. Vinneren av prisen mottar 100 000 kroner og et kunstverk.
Tidligere vinnere er Terje Dragseth, Stein Mehren, Gro Dahle, Inger Elisabeth Hansen, Erling Kittelsen, Tone Hødnebø, Eldrid Lunden, Cecilie Løveid og Øyvind Berg.
Den offisiell prisoverrekkelsen var i kveld ved leder for Forfatterforeningen Heidi Marie Kriznik.
I tillegg til prisutdelingen var det intervju med prisvinneren, forestilling med Bård Torgersen og Dario Fariello, slampoesi med Eleftheria Viktoria Migkos Hellevik og musikk produsert av Interkultur: Mariama Ndure / Ibou Cissokho. Konferansier var Kristopher Schau.
Her kan du lese juryen – Mette Karlsvik (juryleder), Birgit Hatlehol, Carina Beddari, Fredrik Høyer og Ragnar Hovland – sin begrunnelse for prisen, teksten er ført i pennen av Mette Karlsvik:
Grunngjeving Vindtorn Poesipris 2022
Før eller siden
blir dette også din fortid
sa stemmene til meg, slektas lastebiler
kommer til å ligge veltet langs veiene
det vil bli reist minnesmerker
små dokkelignende hus til de døde
og hjertet vil banke som en hares
når du krysser landet med skyggen din på slep
Dette diktet er frå den siste diktsamlinga til vinnaren av årets Vindtorn Poesipris. Her openbarar ein åstad seg; ein dumpingplass for folk som Pinochets chilenske militærregime ville skulle forsvinne. Landskapa i dikta i denne boka er ei billedverd der dei historiske realitetane dukkar opp. Det er eit ørkenmotiv i samlinga som ikkje berre viser til ein stad og ein idé, men til dei faktiske hendingane: «kragebein, hårtuster, ørkenen / var full av blomster, steiner og / kropper falt fra himmelen». Boka beveger seg mellom eigne og kollektive historiar, mellom minne som tilhøyrer eget, og historia.
Når vi skriv denne grunngjevinga, melder Reuters at ein missil traff eit bustadsbygg i Kyiv. I går meldte Reuters at Putins folk bomba teateret i Mariupol, der hundrevis av – kanskje 1200 sivile – hadde søkt tryggleik. Russiske styrkar har laga ørken i delar av fleire store byar i Ukraina. Terror, drap, vald, grusomheit finst der ute. Og i desse dikta finst ei fortid, ei framtid, ei notid. Dei er skremmande aktuelle, men også abstrakte; rause og inkluderande.
For – sidan diktdebuten i 1997, gjennom ytterlegare fem diktsamlingar, fire romanar, to essaysamlingar, og svært ambisiøse og arebeidskrevjande gjendiktingsprosjekt, har årets vinnar av Vindtornprisen tatt verda og verdshistoria via litteraturen, til Noreg. Og det heiter i statuttane til prisen at han skal gå til nokon som har stor betydning for norsk poesi. Eller som ein òg kan seie: betydning for poesi i Noreg. For kva er norsk poesi? Prisvinnaren er av dei som er med på å redefinere dette omgrepet gjennom skrivinga si og si iherdige lesing – og formidling – av litteratur; først særleg den latinamerikanske, før han har lagt andre litterære territorium inn under eigen tekst; eigne dikt, eigne romanar, essays – og formidla ut.
Vinnaren får prisen for dette, og for dikta, for måten han får dikta ut, og for måten dikta hans virkar i samfunnet. Han er ein politisk forfattar utan å vere eksplisitt og sjølvsagt utan å vere dogmatisk. Han bryt med den vestlege, intellektuelle tankegangen og viser andre måtar å skrive på. Sjølv om han er abstrakt er han samtidig tilstades, her og no. Språket kan vere gamaldags og bere eit stort alvor. Men det kan òg vere lurvete, slentrande, eller uironisk romantisk. Han skapar såleis bilde som ikkje elles finst i norsk poesi. Ørkenlandskapa etter krigane. Dei dirre på netthinna mi, iallfall.
Årets prisvinnar fortel historiar om overgrep og terror, historiar om flukt og eksil, historiar om å fortelje, om å gjenfortelje historiar. For han har skriving med forsvinning å gjere har han sagt til Kaja Schjerven Mollerin (Klassekampen februar 2022) og han skriv i eit dikt: «Jeg ser etter noe skjult / i åtteårsalderen».
Det var Pinochets terroregime, der opponentar av diktatoren berre «forsvant», som var bakgrunnen for at diktaren og familien hans kom som politiske flyktningar frå Chile på søttitalet. Men diktaren – ja, Pedro Carmona-Alvarez er så integrert i samfunnet i Noreg «at han må lirke ut den lille flyktningen han en gang var,» som Ingunn Økland skreiv (Aftenposten, 2020). Han kritiserer sjølv tendensen til å sjå han som ein poet med utanlandsk bakgrunn, eit eksotisk og fargerikt tilskot til litteraturen i Noreg. I diktet «Om å oversette Yahya Hassan», som står i samlinga Samtaler med onkel Nica og tante Viola (2015) står vers som desse:
jeg har lært meg å huske å ta telefonen og si ja
ja ja når telefonstemmen ønsker seg dikt og sier
hva med å få en degos til å oversette en perker
hva med en liten palestina-utstilling i samme slengen
pakkis-dag på skolen alle pakkisene
kan bidra om de vil
være med om de vil
tegne kart og peke
på kart og si jeg også ble født på kartet
jeg har lært meg
å si ja ja og derfor tar jeg telefonen
også når telefonen ikke har diktets stemme ytterst på truten
men en vanlig stemme som spør
om ikke jeg har blitt banket opp
av min far, for det hadde vært stas
for avisen jeg jobber i, det hadde
vært knall om du kunne si
at du også stjal
mopeder
Eg prata faktisk ein gong med barneskulelæraren Carmona-Alvarez, på telefonen. Nokon mopedstjeling vart ikkje nemnd. Men læraren fortalde at Carmona-Alvarez, 11 år gamal og etter berre månadar i Noreg, holdt foredrag om dei politiske tilhøva i Chile. På norsk. Han peika kanskje på kartet? Og heilt sikkert er det at han sang chilenske folksangar til, og spelte gitar. Dette renaissansemann-aktige tverr- og fleirfaglege kunstnaren, som ein kanskje sa i Kulturrådet da han fekk eit tiårig skrivestipend frå staten, har ein musikalitet,ei språkstyrke og performative talent som gjer kunstnarskapet han til meir enn bøkene han har publisert. Han improviserar gjerne, yt godt når han må stå på tærne, gir gjerne ut musikk på «first take», tek på seg og for seg nye sjangrar, blir god i nye sjangrar, legg stadig litterære territorium under seg: Musikklyrikk, lyrikk i bok, essays, stramme romanar, store romanar, og så: diktutgåva av det som var ei essaysamling. Carmona-Alvarez referer på kross av dette varmt befolka, myldrande universet sitt. Som redaktør av debutantantologien Signaler jobba han i tospann med sitt alter ego Ib Kleiser. Den same Kleiser figurerer i bandet hans, Sister Sonny. Det er noko genuint poetisk over denne blandingsverksemda. Her; poesien som noko ureint. Altså menneskeleg.
Per Pettersson skal ha sagt at han aldri bruker ordet «lengsel» i si skrift. Carmona-Alvarez kan vere den av forfattarane i Noreg som med den største sjølvsagtheit – men også tyngd – brukar ord som lengt og kjærleik, utan at det blir kleint. Samtidig er han ein kresen lesar og skrivar. Uredd, også. Han tar føre seg dei store tema, på tvers av landskap, verdsdelar og verdshistorien.
Vi har levd i ein pandemi som fekk statsleiarane til å gripe etter nasjonale og lokale løysinger til globale utfordringar. I skrivande stund er vi vitne til at diktatoren i det største landet i verda prøver å knuse suvereniteten til nabolandet sitt. Det gjer andre naboland proteksjonistiske over sine grenser. Som poet, gjendiktar, essayist, formidlar, redaktør, musikar og performar opnar Carmona-Alvarez dei rette grensene; dei som slepp verda inn i den som les og lyttar.
«Et barn åpner opp verden, bretter ut kart, / hele landskap over bordet», står det i det første diktet i samlinga Prinsens gate (2004). Carmona-Alvarez inviterer til ein slik barnleg, open og deltakande røynsle av verda i poesien sin. Der vi, som barnet i diktet, «lukker igjen en bok / med tusen ansikter». Nokre av dei tusen andleta Carmona-Alvarez sin poesi kler seg i, forplantar seg også i andleta til lesarane. I ei tid av krig i Europa, der drap blir gjort på avstand, utan å sjå den såkalte fienden inn i auga – er det Carmona-Alvarez sine dikt gjer ei bragd. I ei tid der nokre byrjar å søke tilflukt i kynisisimen, er dét prisverdig og essensielt.