Ujamn samling, men på høgt nivå

Ekskjærestar og gamle minne sprett opp framfor augene på folk, slik dei gjer i både countrysongar og livet ellers. I Therese Tungens andre novellesamling stig kvaliteten utover i boka.

No it´s not love / but it´s not bad sang Emmylou Harris på ein av min ungdoms tidlege kassettar. Kanskje var det i bil ned Gudbrandsdalen og kanskje hang refrenget igjen i dalføret slik at det nådde i Therese Tungen som vaks opp i bygda med to vegkroer og ei krigshistorie, ein stad der folk og historier stoppa for kabonadesmørbrød. I si andre novellesamling Kjærleik og det som liknar er det gradering av kjærleiken ho syslar med, og problemstillingane i novellene er vere kjende for mange av oss, har eg høyrt:


Therese Tungen:
Kjærleik og det som liknar
Skjønnlitteratur
Aschehoug
334 sider

Ein ungdomskjærast døyr i ei tilsynelatende banal ulukke og så veltar minna om åra i Trondheim opp igjen i henne, ho som no har mann og to barn på ein annan kant av landet. Åpningsnovella er ikke den sterkaste, for det blir ganske tidleg klart korleis det går, slik at slutten ikkje er den piskesnerten gjennom lufta den kan og kanskje bør vere være. Likevel etterlet slutten seg ubehag. Kva vil alle desse minna, alt dette støvet føre med seg?

Therese Tungen grev i den dulge kjærleiken og skriv den klart fram i neste novelle, Sakna jente:

På klåre dagar med solskin kunne ho sjå skuggane klatre oppover veggane der ho sat på kontoret sitt, lyset rann inn gjennom vindauget og transformerte ein bunke A4-ark som låg spreidde utover pulten fremfor henne, tl eit kvitt landskap med buktningar, skuggar, små viker og søkk. Det var der, lyset, og så trekte deg seg attende, og arket var igjen berre eit flatt ark, men ho hadde sett det. Det var som ho aldri sett noko slikt før, og ho visste det var Jon som hadde gjort det mogleg for henne, at han hadde endra noko i henne, måten ho såg verda på. 

Langt og ordrikt

Therese Tungen har fem lange noveller i boka. Lengd er ikkje noko problem i seg sjølv, men også i avsnittet over kan det bli noko ordrikt. Detaljar som ikkje er avgjerande for å forstå personar eller handling, kan få for stor plass. Tungen har enno meir å gå på som novelleforfattar, nemleg stramheita og silinga som kjenneteikner meistrane i faget. Ho kjem dit. Årets bok er ei tydeleg utvikling sidan debuten Ein gong var dei ulvar og novellene opnar meir opp. I to av novellene her nyttar ho folk med kreative yrke og blandar deira historier i fiksjonen dei les, lagar eller har laga. Eit fint grep når det funkar.

Tredje novelle Ikkje ver for trist startar konvensjonelt med unge kjærestar som flyttar frå kvarandre grunna studiar, men vi får vite at dei slett ikkje er så unge som vi kan tru og at det er eit barn / ikkje barn med i biletet. Her verkar slutten meir som eit påfunn enn ein idé, sjølv etter ei fin utrulling på nær hundre sider.

Sterk slutt

Fjerde novelle, om to søstre og barn i Syden, er meir planlagt og det er forvarsel om jordskjelv. Bakken skakar, den eine dottera går ut i feriebyen med ein gjeng engelskmenn den siste kvelden før dei reiser heim. Inn i historia kjem det også ein mann dei har vage minne om, ei dus ovegrepssak dukkar opp og for å ikkje røpe for mykje: Dette kokar.

Sluttnovella Det regna i Amsterdam er den stramme, intense forteljiinga i boka. Therese Tungen skiftar synsvinkel og held nerven høgt. Det går mot eit møte og eksen hans, Siri, som han ser utanfor Oslo S når han sjølv er på veg til Amsterdam for å få avklart ei forhold. Handlinga i novella er berre nokre minutt lang, men ho rommar to heile liv.

For å seie det med noko anna som liknar kjærleik: Eg hadde også låta Old flames, can´t hold a candle to you på ein av mange innspelte kassettar. På ein av livets B-sider, BASF chromeband, C-90. Ein av desse kassettane ein ikkje våga å sende til jenter den tida.

VIDAR KVALSHAUG