Torvund velger Mehren

Stein Mehren (foto: Gro Jarto 1988)

I ei kvar samling av Mehren-dikt finn ein perler, skriv Helge Torvund. Lars Saabye Christensen og Kjell Ivar Sandvik er andre Torvund-favoritter.

Å samla seg om samlingar av dikt i den stille veka.

 

Stein Mehren: Ordre (Aschehoug)
 
Stein Mehren fekk nyleg Vindtorn-prisen og eg les nett nå Vindtorn-portrettet Jeg løper fra meg selv av Ida Marie Brown. I ei kvar samling av Mehren-dikt finn ein perler som fortel kvifor han fortener ein slik pris. «Vi står i språk til halsen.»

 

Lars Saabye Christensen: Etter karnevalet (Cappelen Damm)

Ein poet eg har kjent sidan før me debuterte, og som fint oppsummerte vårt poetiske engasjement i ein samtale tidlegare i år: «Vi er noen stae jævler!» Boka har gjenkjennelege tema i ei rekkje gode dikt som fyller ein med vemodig empati for alt me ser og er og har vore.

EtterKarnevalet

 

Kjell Ivar Sandvik: Dype fall, snublende forstand (Kvalshaug Forlag)

I eit poetisk driv med uvanleg mange Pegasuskrefter rullar Sandvik ut det eine forteljande diktet etter det andre. Bilete frå samliv og nederlag framført i eit språkleg landskap Vindtorn ville kjent seg heime i. Sandvik står mellom anna fram som ein «lovpriser av alarmene,/ildtungene og skjærsilden».

 

The Kabir Book: Forty-Four of the Ecstatic Poems of Kabir. Versions by Robert Bly

Eg las desse Sufiinspirerte dikta på puben i heimbygda og vart løfta opp og ut og inn og ned. «Be strong then, and enter into your own body; there you have a solid place for your feet.» Ein kan trenga litt å verta optimistisk av, og kan finna det hjå slikt menneska dreiv det til på 1500 talet.

 

Adam Zagajewski: Mysticism for beginners. Gjendikta frå polsk av Clare Cavanagh

Her kan ein lesa om celloen som har mange løyndommar, er einsam og ikkje får sova. Om augeblinkar på eit museum då eit måleri brått snakkar til ein og ironien kverv. Dikt som minner om munnspel mot leppene og som skriv fram gatene og vegane som førte ut frå staden der me vaks opp.

 

Jacques Roubaud: Noe svart. Gjendikta av Thomas Lundbo (Oktober)

«Meningens pulsslag mot sannheten». «Jeg hadde begynt å snakke i poesi…» Ei bok som sirklar om tapet av den elska, om døden.

 

Torvund BildNY

Helge Torvund.

 

Bonusspor
Og så eit par tungvektarar som bonusspor, for dei som vil ha noko som ein kan ta med seg ut i aude landskap utan dekning, anten det er ei øy eller ei snøviddehytte:

 

Göran Sonnevi: Bok utan namn

800 sider innbunden poesi frå ein av Nordens største poetar. her har Sonnevi samla dikt og diktsuitar frå 1959, (året då Håvard Rem vart fødd) og fram til 2012. Gjenkjenneleg i form, varierande i lengd og tematikk. Utømmeleg kjelde til nye funn og gjensyn.

 

Pablo Neruda: Elementære oder

Nobelprisvinnaren skreiv både surrealistiske og revolusjonære dikt, men det danske forlaget Sohn har samla alle dei vakre og lettlesne odane hans i ei kjempebok på 766 sider. Gjendikting ved Peer Sibast. Bokvennen har publisert «Oder», 198 sider ved Kari Näumann. Dikt om eple, kastanje, lukta av ved. Boka eg ville hatt med til ei aude øy.

 

HELGE TORVUND