Tora Seljebø

Om å stå att i sorga

Ukens forfatter har sete star-struck mellom Dag Solstad og Jan Erik Vold utan å få fram eit ord. No debuterer ho med diktsamlinga Om kvelden blir namna ropa heim

 

Forfatter: Tora Seljebø, 40 år

 

Aktuell med: Diktsamlinga Om kvelden blir namna ropa heim på Samlaget.  Nokon har gått bort, og nokon står att i sorga, ei sorg som ikkje blir tala om.  Boka beskriv ei leiting etter tilhøyre, og er ei poetisk forteljing om å vekse fram som eit tydelegare menneske.

 

Hvorfor skrev du akkurat denne boken: Når eg skriv, går eg innover, finn eit landskap og eit språk eg skriv i frå. Eg ønskjer å skrive om det eksistensielle, det som eg ikkje kan svare på med kvardagsspråket, men som gjennom poesien kanskje kan få eit språk.

seljeb¯. om kvelden blir namna ropa heim. omsl_Layout 1

 

Tre favoritter:

Per Olov Enquist, Styrtet engel.  Boka fortel om ulike menneskeskjebne, om kjærleik og vondskap i eit poetisk språk. Har lest boka mange gonger, og ho rører ved meg kvar gong.

Inger Christensen, Alfabet.  Dikt, satt inn i eit matematisk system, Fibonaccis tallrekke.  Og høyr kor fint det er: ”det er noget særligt ved duernes måde at leve mit liv som en selvfølge på”

Sara Stridsberg, Darling River. Eg likar litteratur som er litt ubehageleg, som skildrar det ureine. Der er Stridsberg.

 

Sjekk ut:

Mange av dei eg gjekk saman med på Forfattarstudiet i Tromsø har debutert.  Dei er alle verdt å lese, begynn med I lyngen av Victoria Kielland.  Elles vart eg skikkeleg oppløfta over mørkeret i Jan Roar Leikvoll si bok Bovara som eg las nyleg.

 

Sist leste bok

Eg les ofte mange bøker samtidig.  Las akkurat Tiril Broch Aakre si debutsamling Kniplinger og Marinas eik av Kjersti Bronken Senderud. To heilt ulike diktsamlingar, som kvar på sin måte sit att.  Broch Aakre med forteljande langdikt, Senderud med stillferdige vakre og drømmande dikt. Det er godt det finst ulike dikt, for alt, for alle.

 

Hvordan jobber du?

Eg har hatt eit stort skrivetrykk opp gjennom åra, noterer og skriv i notatbøker, dagbøker, på lappar og pc, litt no og da, litt her og der.  Så samlar eg tekster som liknar, reinskriv, og arbeider vidare.  På Forfattarstudiet i Tromsø fortalte gjestelærar Mona Høvring om sin arbeidsmetode. Ho tek yogaøvingar om morgonen, så set ho alarmen på 20 minutt og startar skrivinga.  Når klokka ringer kan ho avslutte med godt samvit, men sannsynlegvis er ho inne i skrivinga og fortset i fleire timer til.  Dei siste åra har eg jobba meir strukturert, og eg brukar som ofte Høvring-metoden.

 

Hvilken litterær skikkelse ville du helst hatt stevnemøte med? Trur eg ville gått ein lang tur gjennom Europa saman med Tomas Espedal i Gå. Kunsten å leve et vilt og poetisk liv.

 

Hvem blir neste norske nobelprisvinner i litteratur? Kjem ikkje på nokon annan enn Jon Fosse.

 

Facebook og sosiale medier – fest eller kolera?

Eg brukar Facebook til å følgje med på kva som skjer i kulturlivet, men slettar og deaktiverer profilen innimellom. Han er heilt klart forstyrrande for konsentrasjon og skriving, og eg er mykje meir glad i levande folk enn statusar på Facebook.

 

Et jordbærsted utenom det vanlige på nettet: http://www.iiususiraja.com

 

På bar med Knausgård eller middag med Dag Solstad? Noko av det fyrste eg opplevde som ung og nytilsett i Norsk Forfattersentrum, var å sitje mellom Dag Solstad og Jan Erik Vold i eit middagsselskap under Festspela i Bergen. Eg var så star-struck og sjenert at eg fekk ikkje til å seie så mange ord, prøvde meg med nokre flaue fotballspørsmål til Solstad.  Det får bli bartur med Knausgård denne gongen.