Tid for ti nynorske

Stor interesse for nynorsk litteratur blant sjuandeklassingar.


15 000 elevar på 7. trinn er klare til å lese nynorsk litteratur. Og i morgon lanserer Foreningen !les «Tid for ti» på Gloppen bibliotek.

 

Tid for ti er ein nasjonal nynorsk leseaksjon på 7. trinn i norsk skule. Påmeldte elevar får ein antologi med utdrag frå ti nynorske ungdomsbøker. Opplaget er på 15 000 og aksjonen blei fullteikna ei veke før fristen.

Det skriv Foreningen !les i ei pressemelding.

 

– Mindre fordommar

– Interessen for Tid for ti tydar på at det er eit behov og eit ønskje frå skular i heile Noreg om meir nynorsk litteratur og eit prosjekt som legg til rette for å lese, skrive og samtale om tekstar og bøker på nynorsk, seier prosjektleiar i Foreningen !les, Ole Ivar Burås Storø.

Aksjonen blei starta i 2015 og er eit samarbeid mellom Foreningen !les, Nynorsksenteret og andre nynorskaktørar.

– Tilbakemeldingane tyder på at prosjektet har gitt meir språkleg sjølvtillit til nynorskelevane, mindre fordommar mot sidemålet for bokmålselevane, og meir leselyst til alle, seier senterleiar ved Nynorsksenteret, Torgeir Dimmen.

 

– Fritidslesing viktig

På leselista: Kjære søster

I etterkant av lanseringa i morgon skal Fylkesbiblioteket i Sogn og Fjordane og lesegledarar reise rundt i fylket for å besøke skular saman med Foreningen !les og forfattar av Engel i snøen, Anders Totland.

Fylkesbiblioteksjef, Siri Ingvaldsen, meiner folke- og skulebibliotek har ei sentral rolle i utviklinga av leselyst.

– Fritidslesinga har stor effekt på barn og unges lesekompetanse. Difor er det så viktig å innarbeide gode lesevanar tidleg. Folke- og skulebibliotek har utvalet av trykte og digitale tekstar, dei kan samtale med lesaren om det ho eller han har lese, og dei kan arrangere lesegrupper, forfattarmøte og skriveverkstader til dømes, seier ho.

 

Følgande bøker er med i Tid for ti 2017:

På leselista: Skammarens dotter

Skammarens dotter av Lene Kaaberbøl (Samlaget)
Motorsykkelmysteriet av Magnhild Bruheim (Samlaget)
Engel i snøen av Anders Totland (Gyldendal)
Svarte-Mathilda av Tor Arve Røssland (Samlaget)
Keeper´n til Tunisia av Lars Mæhle (Samlaget)
Rekrutten: grafisk roman av Robert Muchamore (Samlaget)
Fly, Thea! Fly! av Bente Bratlund (Mangschou)
Veslebror ser deg av Cory Doctorow (Samlaget)
Kjære søster av Alf Kjetil Walgermo (Cappelen Damm)
Galderstjerna av Asbjørn Rydland (Samlaget)
Lanseringa av Tid for ti er i morgon, onsdag 25. januar, kl 12 på Gloppen bibliotek i Sandane, Sogn og Fjordane.