Tett love story nær klisjéane

GODE ROLLAR: Ragnhild Gudbrandsen og Helge Jordal spelar godt i tydelege rollar. Stykket skal til 24 stadar i Norge i september og oktober før det landar heime på Hordaland Teater. Foto: Erik Berg.

"Svar på brev frå Helga" følgjer i hovudsak teksten i romanen, men med enkle grep kan forestillinga løftast enda meir.

Bergsveinn Birgisson ga i 2012 ut ein slank roman som blei bestseljaren til Pelikanen Forlag og er det enno. Svar på brev frå Helga blei nominert til Nordisk Råds litteraturpris og har blitt teater på Island og det kjem spelefilm. Rundt ti prosent av islendingane skal ha løyst billett til forestillinga i løpet av to år.

Ein norsk versjon hadde urpremiere i går kveld, dramatisert av Stig Amdam for Hordaland Teater. Forfattaren Bergsveinn Birgisson er nemleg busett i Bergen og dermed lokal forfattar. Før det skal stykket rundt til 24 stadar i



Svar på brev frå Helga. Av Bergsveinn Birgisson, omsett av Johannes Gjerdåker, dramatisert av Stig Amdam.

Produsert av Hordaland Teater. Urpremiere ved Riksteatret i Nydalen

Norge med Riksteatret og har turnépremiere i Ørsta komande onsdag.

Helga lever 

Helge Jordal kjem tuslande inn på scena som den gamle mannen Bjarne som har eitkvart å seie til Helga, kona på nabogarden. Bygda syda ein gong av rykter om dei, enda det ikkje var noko mellom dei før etterpå. Og det blei ei dotter av det. Helga dro eller flykta, alt etter korleis ein ser det, til Reykjavik. Sauebonden Bjarne fekk valet om å bli med. Sauebonden kunne ta seg arbeid der, for amerikanarane som hadde stor baseverksemd nær hovudstaden på denne tida, mellom krigane.

Men kan Bjarne dra frå garden, sauene, kona si Unn? Kan han forlata seg sjølv og det heimstaden og bindingane har skapt han til? Fins det ei forlating for slikt?

I boka får vi vita at Helga er død når Bjarne set seg til kjøkenbordet for å svara på brevet, oppsummere livet sitt. I stykket er Helga levande til stades,  først som ei stemme frå tidlegare, dust minnande bak enkle, smakfulle kulisser. Så i røynda, det vil seie, det verkar som samtid, men dei spelar ut ei forhistorie.

Gamal, moderne love story

Alt er elegant og enkelt gjort og det seier seg sjølv at ein slik love story bevegar seg nær klisjeane om umogleg kjærleik, sentrum/periferi og den nokså enkle, men likevel djupe tenkinga om kva eit menneske er og om ein skuldar seg sjølv eller andre noko. Stykket styrer i hovudsak klar av desse. Når spelet får etablert seg, held det nokså høgt tempo, trass ein svært stillfaren tekst. Det er tett, engasjerande og tidvis suggererande, som i boka.

Stig Amdam har dramatisert stykket og er tru mot forløpet i boka, med nokre unnatak. Til dømes har han utelete at Bjarne faktisk slår kona si, Unn, i andletet når ho utfordrar han om nabokona. Kvifor? Dette eine slaget i ein pressa situasjon kunne gjort kompleksiteten i Bjarne enda større, det kunne vore dette farlege som hang gjennom stykket. Med eit litt svakare spel kunne Bjarne endt opp som ein tusseladd, eit offer for sine eigne val eller mangelen på dei. Helge Jordal held Bjarne i tøymane.

Godt språk trass modernisering

Språket er noko for seg sjølv. Romanen er skrive på eit gamalmodig islandsk og omsett til konservativt og oppfinnsamt nynorsk av Johannes Gjerdåker. I stykket er nynorske noko moderert, tilpassa skodeseplarane, men Jordal seier  «darrisen» for litlekaren, og eg spør min sidemann i salen, Bjarte Hjelmeland om dette er eit bergensk omgrep, men han ristar på hovudet, seier nei, men syns likevel det er bra, det gir meining. Den språklege rikdomen som er att i stykket, er med på å gjere Helga og Bjarne til rike karakterar og gjere deira karakter rikare.

Gjer noko med slutten!

Så er det slutten. Romanen opnar så vakkert:

Sume mennske døyr på grunn av det som er utanfor dei. Andre døyr fordi dauden er i dei frå gamalt av og låser seg om blodårene deira innanfrå. Dei døyr alle. På kvart sitt vis. Sume fell i golvet midt i ei setning. Andre takkar fredfullt for seg i ein draum.

Dette har Stig Amdam med i opninga, og han har plassert det i slutten og det er eit gulle godt grep. Men så stolar han ikkje heilt på at det held og legg oppå sistesetningane frå boka der Bjarne skrik at han elskar Helga. I bokmanuset har det sin eigen logikk, men på scena er alt vist fysisk, vi er heilt klar over at det forheld seg slik og slutten blir klissete.

Om ein meldar kan rå eit teater til noko som helst: Stryk dei siste replikkane før turnépremieren i Ørsta onsdag og det vil løfta stykket kolossalt.

VIDAR KVALSHAUG