Stor Fosse-haust i vente

Jon Fosse (foto: Tom Kolstad)

6. september markerer starten på det som vert ein stor Jon Fosse-haust. Då lanserer Samlaget første band i romanserien "Septologien", med tittelen "Det andre namnet".

Snart er det klart for Septologien – eit storslått romanverk frå Jon Fosse om kva kunst er, om Gud, alkoholisme, vennskap og tida som går. Det handlar om døden, men også om kva det vil seie å vere i livet. Verket er sett saman av dei tre bøkene Det andre namnet, Eg er ein annan og Eit nytt namn, og blir gitt ut i 2019, 2020 og 2021. Verket fekk tittelen fordi det naturleg deler seg i sju.

For Jon Fosse har det vore ein uvanleg skriveprosess:

Septologien skreiv seg så å seie sjølv, og han skreiv seg sjølv uventa lang. I min forfattarskap har aldri noko liknande skjedd, seier han.

To versjonar av det same livet

I Septologien, band ein, Det andre namnet møter vi kunstmålaren Asle som bur åleine på Dylgja nord for Bjørgvin. Han har stort sett berre kontakt med grannen Åsleik, ungkar og fiskarbonde. I Bjørgvin bur ein annan Asle, også han er kunstmålar. Dei to Aslane er venner og på eit vis dobbeltgjengarar, to versjonar av det same livet.

Medan eg-forteljaren førebur juleutstilling på Galleri Beyer i Bjørgvin, finn han vennen Asle liggjande i snøen. Han har kollapsa av alkoholmisbruk og blir lagd inn på sjukehus. Asle uroar seg for vennen som er innlagd, han tek seg av hunden hans og køyrer fram og tilbake til Bjørgvin på snølagde vegar.

– Gripande samtidsverk

Forlagssjef i Samlaget, Håkon Kolmannskog gler seg stort til å presentere Septologien:

– Jon Fosse har skrive eit vakkert og gripande samtidsverk som vi vonar og trur vil opne opp Fosses forfattarskap for mange nye lesarar.

Septologien vert også lansert internasjonalt under bokmessa i Frankfurt 16. oktober, der Fosse er eit av hovudnamna. Romanserien er allereie seld til ei rekkje land, blant anna Danmark, Sverige, Tyskland, Nederland, Storbritannia, Spania og Ungarn.

Syner oss verda på nytt

– Jon Fosses skriv på sitt heilt særeigne vis, han får til å seia noko på ein måte ingen andre gjer og syner oss verda på nytt. Diktinga til Fosse er korkje lokal eller regional, men universell. Han skriv om slikt som gjeld menneske same kor dei bur i verda: å leva saman, å få barn, å vera sjalu, å verta eldre og å døy. Fosse gir også mørke sider ved livet ein ny klarleik. Berre å høyra ei slik stemme gjer godt! Fosse seier sjølv: «Diktinga skal vera like enkel og ubegripeleg som livet.» Diktinga til Fosse er like enkel og ubegripeleg som livet, og difor så uvanleg god, seier forlagsredaktør Cecilie Seiness.

Fosse har vore Samlagsforfattar i snart 40 år:

– Han har karakterisert forholdet til Samlaget som «det mest gangbare forholdet i livet». Jon Fosse er sjølvsagt eit av dei viktigaste og mest oppsiktsvekkande kapitla i Samlagshistoria. Sidan Fosse debuterte med romanen Raudt, svart i 1983, har han vore uvanleg produktiv og skrive romanar, teaterstykke, lyrikk, essay, kortprosa og barnebøker. Fosse starta som ein smal nynorskforfattar, men er i dag ein verdskjend dramatikar som blir spelt over heile verda. Betydninga Fosse har hatt  for Samlaget er uvurderleg, det same gjeld for det nynorske språket og litteraturen, seier Cecilie Seiness

Fosse-festival

6. september går startskotet for Den internasjonale Fosse-festivalen på Det Norske Teatret. Fram til 15. september blir det framsyningar på alle scenar, gjestespel frå Japan, Russland og Frankrike og eit innhaldsrikt seminarprogram. 24. til 28. september er det duka for Fosse-fest på Litteraturhuset i Bergen. Det vert også ein Fosse-festival på Fosses heimstad, Strandebarm i Hardanger, frå 20. til 22. september.

 

(foto: Tom Kolstad)