Stor fan av Julia Wiedlocha

Forlagsredaktør Tora Carlsen Haaland.

DAGENS SOMMERGJEST: I dag skal vi til Leikanger og her treffer vi Tora Carlsen Haaland.

Tora Carlsen Haaland (f.1998)  er opprinnelig fra Stavanger, men har studert språk og statsvitenskap ved Universitetet i Bergen. Hun har også erfaring som journalist i Stavanger Aftenblad og Bergens Tidende. I januar flyttet hun til Sogn og Skald Forlag i Leikanger for å starte i redaktørjobb. Hun jobber for det meste med sakprosautgivelser men i et lite forlag må man dele på de fleste av arbeidsoppgavene, Nåja, lite og lite, i fjor omsatte Skald for 10 millioner kroner.

Lunsj på Skald terassen.

– Er du på vei til ferie, Tora? 

– Akkurat no har eg mine siste arbeidsdagar før ferien, dei går med til nokre veldig kjekke reise- og turbøker som kjem til hausten.

– Hvor skal du så tilbringe ferien?

– Litt overalt i år. Besøker venner i Brussel og Praha, kjæresten i Oslo og familien i Stavanger. Det vert jo ein del reising når dei eg er glad i har spreidd seg slik rundt forbi, men heldigvis bur dei alle på fine plassar.

– Hva må en god sommerferie inneholde?

– Morgonbad, kveldsbad og eit bad midt på dagen. Og festival!

– Hvilken bok er den beste du har lest så langt i år? Og hvilken ligger øverst i bokbunken i ferien?

Eg las Heim av Ingrid Z. Aanestad mellom pappkassar og vakne netter i januar då eg nett hadde flytta aleine til Sogn. Det kjentes som om boka haldt meg litt i handa dei første vekene mine her, og ho gav meg årets så langt finaste lesaroppleving.

Øvst i feriebunka ligg Solaris av Stanisław Lem. Eg er ikkje ein ihuga science fiction-lesar, men stor fan av omsetjaren frå polsk til norsk, Julia Wiedlocha. Ho omsette nyleg Schulz for klassikarserien vår, og er så dyktig at eg berre må lese meir av det ho har jobba med.

– Automatisk fraværsmelding eller litt mailsjekking fra stranden?

Automatisk fråversmelding! Vern om fritida. Om det brann nokon stad, ville dei vel ringt?

– Hva står på bordet hvis du får velge ditt perfekte sommermåltid?

Linguine alle vongole og kald kvitvin. Sandwich-is til dessert.

– Hvem ville du invitert til bords, hvis du ikke kunne velge familie eller kjæreste?

Vanskeleg spørsmål! Om eg må velje blant dei levande: Aftenpodden-gjengen. Det er – diverre? – få som underheld meg like mykje som dei. Eller Helene Uri, Erika Fatland og Hege Moe Eriksen ilag! Men då hadde eg vore ei veldig nervøs vertinne, dei er altfor kule.

– Ditt beste ferieminne?

Vi er ein vennegjeng heimefrå som reiser til den same fantastiske hytta i Høvåg kvar sommar. Dei beste ferieminnene har eg nok derifrå – bryggedans, snekketur, kevling og kald CB med fine folk.

– Hvem i Bok-Norge vil du helst gi en blomsterbukett?

Bibliotekarane, både dei på skulen og folkebiblioteka. Det må vere verdas viktigaste jobb!

– Hvis du fikk være kulturminister for en høst – hva er det første du ville gjort?

No synest eg Anette Trettebergstuen gjorde ein kjempejobb som kulturministar, så eg ville først og fremst kvidd meg for å skulle fylle såpass store sko. Men så ville eg ha haldt fram med satsinga på leselyst, og på ein eller annan måte styrka posisjonen til dei redaktørstyrte mediene i kampen mot tech-gigantane. Også skulle eg gitt Språkrådet lovgjevande, utøvande og dømande makt.

– Hvis du kunne satt én bok på pensum i norske skoler; Hvilken og hvorfor?

Eg las Tett inntil dagene, Mustafa Can sin nydelege hyllest til mor si, då eg gjekk første året på vidaregåande. Den boka satte seg djupt og lenge i meg. Generelt latar vi til å vere skammeleg lite interesserte i historiane til dei første arbeidsinnvandrarane som kom hit. Eg hadde heller aldri tenkt på å sjå på foreldra mine som noko anna enn nettopp foreldra mine, før eg las den boka. Ho burde på pensum, for anten har du foreldre eller besteforeldre som kanskje kan fortelle liknande historier som den til Gülü Can, eller så går du i klasse med nokon som har det. Eg lærte i alle fall masse.

– Hvilken overskrift håper du å se på BOK365 til høsten?

– «Unge les som aldri før!»

– Hvilket spørsmål burde jeg ha stilt deg?

– Kva må ein god sommarferie absolutt ikkje innehalde?

– Ja, hva er det?

Push-varslingar.

 

Se tidligere sommergjester her!