
Antallet nynorske faktabøker for barn er firedobla på to år. Ikkje overraskande er Samlaget best i klassen.
På to år er talet på utgjevingar av nye, nynorske faktabøker for barn og unge firedobla frå tre i 2015 til minst tolv i 2017. Dette viser tal som magasinet Pirion og nyhende- og debattavisa for unge, Framtida.no, har henta inn frå dei største forlaga.
Strålande fornøgd
Direktøren ved Norsk Barnebokinstitutt, Kristin Ørjasæter er strålande fornøgd med tala.

– Dette viser at når ein tar fatt i statistikken, og dei som har makt til å gjera noko med dette blir klar over korleis det står til, så kan det skje noko, seier Ørjasæter til Framtida.no.
– Nokre barn er meir opptatt av faglitteratur enn skjønnlitteratur. Alle må få noko som interesserer dei, også desse barna. Det er eit utal av emne å gripa fatt i, understrekar ho overfor avisa.
Samlaget suverent best
Tala som er samla inn syner at Samlaget står bak 10 av utgjevingane i år, medan Gyldendal har gjeve ut to faktabøker på nynorsk i 2017.
Samlaget står altså for nesten alle utgjevingane av nynorske faktabøker for barn. Dei siste to åra har det kome 19 slike på det forlaget.
– Frå før har me mange solide og gode skjønnlitterære bøker for barn. No vil me også laga fleire faktabøker for denne gruppa, seier forlagsredaktør Therese Tungen.

Neste år?
Kva så med årets om kjem? Ifølge Framtida.no kjem Samlaget til å gi ut sju sakprosabøker for barn til neste år, medan Gyldendal har ei bok på planen. I tillegg planlegg Gyldendal å omsetja to bøker til nynorsk i Lesebra-serien.
Dei andre store forlaga har ifølge avisa førebels ingen planar om å gi ut nynorsk sakprosa for barn til neste år.