Mønstrar på cutteren Peer Gynt

SOMMARGJESTEN: Konservator på Olav H. Hauge-senteret i Nynorsk kultursentrum, Stein Arnold Hevrøy, ynsker seg fleire norske bildikt.

– Kor går ferien?
– Dei fem siste somrane har vore i Norge, og det blir det i år òg. Eg set meg gjerne i bilen og svingar mot Stavanger eller Bergen, begge stader har eg familie og vennar. Så freistar eg å innarbeide ein road trip-tradisjon med dottera mi, Julia. I år gler eg med dessutan til å mønstre på cutteren Peer Gynt ei veke, farvannet blir truleg ytre sogn.

– Har ferieplanane blitt endra på grunn av corona-pandemien?
– Jo, vi skulle gjerne ha feira mor mi sin 70-årsdag, og samla ein heil gjeng frå ulike stader i landet. Det treffet tek vi att seinare.

– Kva  ein god sommarferie innehalde?
– Nære vennar og familie. Og nok fri til at hovudet kjem inn på nye spor. Får ein jordbær i tillegg er det luksus.

– Kva er den beste boka du har lese så langt i år? Og kva for ei ligg øverst i bokbunken i ferien?
– Det kan vere fleire, sjølvsagt, men den eg kjem på i farta er Om nettene brukar mor dråpeteljar (Gyldendal 2018), av Svanhild Amdal Tellnes. Øvst i bokbunken, vel eg er ein sånn med litt kaotisk heimekontor, men i ein av bunkane ligg iallfall filosof Arild Utakers bok Tenker hjernen? (Vidarforlaget 2018).

– Kva står på bordet hvis du får velge ditt perfekte sommarmåltid?
– Her i Ulvik blir det gjerne lokalt lam frå Syse gard. Elles er eg alltid glad for klippfisk, gjerne i ei gryte med bacalao, mens ein lettare sommerrett er salat med melon og fetaost.

– Kven ville du invitert til bord, hvis du ikkje kunne velge familie eller kjærast?
– Då ville eg nok invitert medredaktørane mine på bokprosjektet som har arbeidstittel Kva kan vi lære av diktet, Ingrid Nielsen og Ole Karlsen. Vi held på å redigere ein lyrikkforskingsantologi vi håpar å få ut til hausten. Ja, så ville eg gjerne òg hatt med poet Kjartan Hatløy som eg skriv om i samme bok.

– Kven i Bok-Norge vil du helst gi ein blomsterbukett
– Det er mange, men Skald forlag som gir ut nydelege omsetjingar av klassikarar på nynorsk slår meg som ein soleklar kandidat. Det gjer òg Vidarforlaget, som ikkje berre har gitt ut Platons samla verk, men òg vil gjere det same med Aristoteles. Dei har dessutan gitt ut svært mykje av Walter Benjamin dei siste åra. Ja, Janne Sund og Arild Linneberg, med fleire, fortener blomar med innsatsen med Benjamin-utgjevingane. Apropos sommarlesing, kanskje Passasjeverket òg bør mønstre på Peer Gynt i juli.

– … og kven ville du gitt ein brennmanet?
– Å gi nokon ein brennmanet framstår som aburd for meg. Dessutan skal ein ikkje snakke ned brennmaneten, dei gamle i Austevoll pleide å seie at maneten rensar vatnet.

– Om du fekk vere kulturminister for ein haust – kva er det første du ville gjort?
– Sånn som i konge for ein dag, der eg berre kunne bestemme ting? Då hadde eg sendt ut lyrikkformidlarar av kalibertype Endre Ruset og Ted Granlund på ein evig turné, slik at enda fleire unge hadde blitt komfortable og inspirerte til å både lese og skrive lyrikk, og så ville eg sjølvsagt at dei same unge folka skulle få oppleve god nynorsk litteratur.

– Kva saknar du mest i desse corona-tider?
 – Svært lite, eg er heldig og eg veit det. Men eg blei litt rar i hovudet etter mykje innesitting og monotoni, så det gjorde godt å kunne vere meir sosial når restriksjonane løsna litt.

– Kva spørsmål burde vi ha stilt deg? (Og kva ville du ha svart?)
– Spørsmål: Kva er det for lite av i norsk poesi? Svar: bildikt (men det finst unntak, altså, som førnemnde Ted Granlund og Kjartan Hatløy).