Startar nynorsk-bokklubb

Startar bokklubb: Åsta Urdal i SKALD forlag

- Og opningsboka blir "verdas beste novelle", "Dei døde" av James Joyce, fortel Åsta Urdal i SKALD forlag.

Den nye bokklubben tar utelukkande for seg verdsklassikarar nyomsette til nynorsk, og det er forlaget SKALD som står bak.

Tidlegare har det vore ein nynorsk barnebokklubb i Noreg, men so vidt BOK365 veit ingen for vaksne. Før no.

– Vi gjer dette for at det skal bli enda lettare for folk å få tak i dei flotte bøkene i verdsklassikerserien vår, fortel Åsta Urdal, som er marknadssjef i SKALD forlag.

– Viktig er det òg, seier ho. – Dette er bøker som eg hadde ønska meg sjølv, om eg ikkje hadde jobbe med dei, seier Urdal til BOK365.

– Korleis skal klubben fungere?

Det blir ei abonnementordning, der medlemma blir dei første i Noreg som får bøkene når dei kjem ut. Og dei får bøkene med fri frakt og maks rabatt.

– Kor ofte kjem bøkene?

– Det ligg an til om lag tre bøker i året, seier Urdal, som legg til at fleire abonnentar har tekna seg allereie.

Klassikarbibliotek: Før 2017 er omme vil det vere fem bøker i serien.

Nyomsette verdsklassikarar

Sidan hausten 2016 har forlaget SKALD etablert ein serie verdsklassikarar nyomsett til nynorsk. Det er desse bøkene ein no kan abonnere på gjennom bokklubben. Og serien har fått stor merksemd allereie, forlaget haustar lovord både for form og innhald, ikkje berre hos dei tradisjonelle nynorsklesaarar, fortel Åsta Urdal.

– Det er tydeleg at serien har møtt eit sakn hos dei som er glad i nynorsk, og fleire har signalisert at dei ynskjer å samle på bøkene. Og difor lanserer vi no denne abonnementsordninga, forklarar Urdal. – Men målet har heile tida vore, og er framleis, å gjere verdslitteraturen lettare tilgjengeleg.

– Hvilke bøker kan folk venta seg?

– Verka i serien har inspirert menneske i århundre og dei var gjerne banebrytande, uvanlege og rebelske i si tid. Lanseringa av den nye bokklubben skjer i samband med sleppet av tredje bok ut i serien – Dei døde, av James Joyce.

 

Verdas beste novelle

Skreiv «Dei døde»: James Joyce. Foto: Alex Ehrenzweig

Dei døde av James Joyce er av mange rekna for å vere verdas beste novelle Omsetjinga er det Jon Fosse som står for, etter eige initiativ, og med denne boka er det også første gong i historia at ein tekst av den verdskjende forfattaren James Joyce er utkomen på nynorsk.

Dei døde får oss til å stille spørsmål ved kor godt vi eigentleg kan kjenne eit anna menneske. Handlinga i novella er sett til eit selskap, og er på mange måtar ein klassisk klassikar som både skildrar klassestrukturar og kjønnsroller i eit modernisert samfunn. Joyce var banebrytande i sin rå og ærlige måte å framstille samtida si på, fortel Urdal.

 

Joyce og Fosse

James Joyce (1882–1941) er ein av dei mest framståande og nyskapande forfattarane i det tjuande hundreåret. Joyce hadde store vanskar med å få gitt ut verka sine, men var etter kvart med på å bane vegen for ein friare litteratur. Innanfor den modernistiske litteraturen er James Joyce ein av dei aller største forfattarane, mest kjent for hovudverket Ulysses (1922) og novellesamlinga Dubliners (1914).

Omsatte «Dei døde»: Jon Fosse. Foto: Privat/SKALD forlag

Jon Fosse (f. 1959) kjem frå Strandebarm i Hordaland og er no busett i Grotten, statens æresbustad for kunstnarar. Han er ein av Noregs viktigaste, nolevande forfattarar og dramatikarar og hans litterære verk er omsette til over 40 språk. Fosse debuterte som skjønnlitterær forfattar i 1983, og har seinare gitt ut både romanar, diktsamlingar, barnebøker og ei essaysamling. I 1993 debuterte han som dramatikar. Skodespela blei hans store internasjonale gjennombrot og er sette opp over tusen gonger over heile verda. Fosse har motteke ei rekkje nasjonale og internasjonale prisar. I 2015 vann han Nordisk Råds Litteraturpris for Andvake-trilogien.

 

Les også: Radarpar med illustrert vikingsaga