SKALD styrker marknadsavdelinga

Vidar Aase Alme er ny marknadssekretær i SKALD forlag.

SKALD styrker marknadsavdelinga, med Vidar Aase Alme (f. 1986) som ny marknadssekretær. Han kjem frå Kaupanger i Sogn. Etter studiar på Universitetet i Oslo og masteroppgåve om Søren Kierkegaard, Jacques Derrida og postmodernismen, bestemte han seg å flytte heim att til Vestlandet.

– Vidar er eit verdifullt tilskot til forlaget no når bokhausten snart brakar laus, seier forlagssjef i SKALD Simone Stibbe. Satsinga på nynorsk klassikarklubb og ei svært variert haustliste gjer at forlaget har mykje å ta fatt på i tida framover.

SKALD forlag held til på Gamlehotellet i Leikanger i Sogn og gir ut eit variert utval av bøker både sakprosa, barnebøker og skjønnlitteratur – i hovudsak på nynorsk. Forlaget står bak bokklubben «Nynorske klassikarar» som starta opp i vår.