Sigd på scenen

Tre skodespelarar les heile Ruth Lillegravens diktforteljing "Sigd" på Det Norske Teatret denne veka.

 

Kor mykje liding kan eit menneske tole? Det Norske Teatret les Ruth Lillegravens vesle elegante diktforteljing.

 

Sigd blei av fleire aviser kåra til fjorårets beste lyrikk-bok, skrive i eit gnistrande språk. Forfattaren Ruth Lillegraven har sjølv uttalt at ho er oppteken av naturens syklusar, og syklusene i eit menneskeliv. At vi blir fødde og skal døy. Og korleis vi klarer å leve med det, og fylle tida best mogleg. Det er dette Sigd djupast sett handlar om.

 

Enkelt og storslått

Sigd er ei biografisk forteljing i dikts form om eit enkelt – men samstundes storslått – liv. Den fortel om Endre, som veks opp som odelsgut i ei vestlandsbygd på 1800-talet. Han skal vere som faren og fedrane før han.

Som ung mann treffer han Abelone, giftar seg med henne og tek over garden. Framtida ser lys ut – til Endre blir sjuk og sengeliggjande, og garden må seljast.

Kven er han utan retten og plikta han er fødd til? Kva skal han no leve for? Det er da bøkene kjem. Dei kjem frå andre sida av havet, og tek Endre med ut i verda.

 

 

Tre opplesarar

Dikta kan opplevast på Det Norske Teatret i Oslo tysdag 17. januar og fredag 20.januar og opplesarar er Morten Svartveit, Ingeborg S. Raustøl og Gard Skagestad.

 

Les også: Fortel livshistoriar med dikt 

 

Ruth Lillegraven (f. 1978) debuterte med diktsamlinga Store stygge dikt i 2005, og har sidan det gitt ut ei rekke bøker i fleire sjangere. Ho fekk Brageprisen i 2013 for Urd, og var nominert til Brageprisen for barn og ungdom i 2016 for diktsamlinga Eg er eg er eg er.

 

(Foto: Paal Audestad)