Fortel livshistoriar med dikt

Ruth Lillegraven Foto: Paal Audestad

Ruth Lillegraven er aktuell med fleire bøker denne hausten. For vaksne - og barn.

Ho ville skrive dikt ho sjølv ville likt som 9-12-åring, og slik blei barnediktboka Eg er eg er eg er til. Ho er nominert til Brageprisen for den. Men Ruth Lillegraven skriv også for vaksne i haust. Diktsaminga Sigd handlar blant anna om gleden ved å lese.  

 

Forfatter: Ruth Lillegraven, 38

 

Aktuell med:

cover-ruth2Vaksendiktboka Sigd, Tiden og barnediktboka Eg er eg er eg er, Samlaget. (Har dessutan redigert diktantologien Disse dagene, dette livet. Dikt vi har sammen på Kagge forlag saman med Tordis Ørjasæter og vore hovudforfattar på Å lytte til hakkespetter. Naturen som terapeut, Dinamo forlag.)

I Sigd er handlinga lagt til 1800-talet. Me møter odelsguten Endre, som lyt selje garden då han får alvorleg revmatisme. Så blir han liggjande der, utan å kunne gjere noko. Kva skal han no fylle livet med? Jo, han byrjar lese, og gjennom lesinga byrjar han reise og oppdage verda.

I Eg er eg er eg er møter me eit ungt eg som forelskar seg, mistar bestefaren og elles lever og er – i og utanfor naturen.

 

Hvorfor skrev du akkurat disse bøkene?

cover-ruthEg likar bruke diktsjangeren til å fortelje heile livshistoriar. I Sigd ville eg blant anna utforske kva som skjer når livet blir heilt annleis enn det skulle bli og kor sterk fantasiens makt kan vere.

Med Eg er eg er eg er ville eg rett og slett skrive dikt eg sjølv ville sett pris på som 9-12-åring, om små og store kjensler. Dikt som torer vere alvorlege.

 

Tre favoritter:

Monica Isakstuen: Vær snill med dyrene. Drivande, sugande, slåande, rått og direkte – ein roman om det å dele eit barn, men også om kjærleik, sorg og sinne.

 

Nils-Øivind Haagensen: Er hun din?  Ei nydeleg bok om venskapen mellom ein vaksen mann og ei lita jente – og alle dei underfundige, triste og morosame samtalane deira.

 

Tiril Broch Aakre: Redd barna. Ei lita perle, med uvanleg elegant språk, og der handlinga er gripande og spennande på sitt stillfarne vis.

 

 

Uslipt diamant: 

Catherine Blaavinge Bjørnevog: Um sakne, sakne, blome. Utruleg vakre, musikalske dikt, heilt særeigne, mystiske, mytiske. Djupt originale og tidlause. Og ein bør høyre Catherine sjølv lese. Debutant er ho, men knapt uslipen. Eg vil seie at ho allereie er fullendt. Og vil skine lenge.

 

Sist leste bok:

Mattis Øybø: Elskere. Mattis Øybø er redaktøren min. Men også ein dyktig forfattar. Elskere er ein nervepirrande og til tider ubehageleg roman, eit psykologisk drama som seier noko om sanning og løgn, kjærleik og bedrag, om å leve og å døy. Heldigvis er det også morosamt og gjenkjenneleg.

 

Hvordan jobber du? 

ruthlillegravenEg har gått frå å jobbe veldig ”etter innfallsmetoden” til å jobbe meir utfrå ein plan. Meir av tekstane er gjerne på plass før eg set meg ned og skriv. Men framleis handlar det mykje om magefølelse, særleg når det gjeld dikta.

 

Hvilken litterær skikkelse ville du helst hatt stevnemøte med?

Nett no ville eg helst møtt hovudpersonen i eit prosjekt eg er i startgropa på. Altså ein vordande litterær person, som eg ikkje kan røpe meir om. Men som eg lengtar etter å bli betre kjend med.

 

Hvem blir neste norske nobelprisvinner i litteratur?

Ikkje så originalt, men eg heiar veldig på Jon Fosse, favorittforfattar gjennom mange år. Eg er stor fan både av dikta og romanane hans, og jubla høgt då han fekk Nordisk Råds Litteraturpris for Andvake-trilogien.

 

Hvis du var kulturminister for en dag?

Ah, då ville eg fått vill panikk fordi det var så mykje å ordne opp i, så mykje viktig å ta tak i. Kanskje ville det mest konstruktive vere å bruke tida på å skaffe ein dyktig arvtakar?

 

Facebook og sosiale medier – fest eller kolera?

Det er ein fest, brukt med måte. Men blir fort kolera. Å opne Facebook kan vere som å gå inn i ein snøstorm av inntrykk. Det blir lett for mange stemmer i hovudet av det. For mykje støy. Særleg når ein skal skrive. Men eg trur aldri eg klarar å kutte ut Facebook.

 

Et jordbærsted utenom det vanlige på nettet:

Ah. Eg er kjedeleg. Det går mykje i yr.no og ordboka på nett. Men her om i vår spurde stedottera mi meg kvifor eg hadde bokmerka Tahitian word list. Då følte eg meg litt kul. Det handla sjølvsagt om research – den gongen til Sigd. Men eg har framleis ikkje blitt ein kløppar i tahitisk.

 

Fjellklatring med Jo Nesbø eller lang lunsj med Linn Ullmann i Central Park?

Hmm. Vanskeleg. Eg drøymer eigentleg om å ete middag med Sivert Høyem og den ekstremt kule kona hans, Helena, som kan underhalde oss kunstnarane om me blir tause og introverte. Då skulle eg prøvd fortelje Sivert kor mykje musikken hans har betydd for meg – også i skrivinga – opp gjennom åra. Helst utan å framstå som ein ordinær, teit groupie …

 

Les også: Dei små gledene

Les også: Tar hevn over trolldommen

Les også: Debutanten: Andrew B. Kroglund

Les også: Debutanten: Birgit Alm