Samlaget: Fall etter Ferrante

Adm. direktør Edmund Austigard, foto: Samlaget

Nynorsken sitt fyrtårn satsar på nye forfattarar. Dette ga eit mindre underskot i 2018.

Samlaget, som i fjor feira 150 år, hadde i jubileumsåret inntekter på 63 millionar kroner. Salsinntektene frå bøker og tidsskrift fall med 7 millionar frå året før og enda på 41 millionar. Statstilskot sto for 18 millionar av dei totale inntektene.  Driftsresultatet viser etter dette eit underskot på 538 000. Men den bokførte eigenkapitalen i forlaget er på solide 41 millionar kroner.

Nedgang etter Ferrante

Forlagssjef Edmund Austigard avdramatiserer nedgangen i forlagets boksal:

– Det er fristande å seie at Ferrante-utgivingane, og Napoli-kvartetten i sær, har gjort at vi har stått ei klasse over vekta vår nokre år. Derfor skulle vi ned i 2018. På den andre sida er ambisjonen at vi med ujamne mellomrom skal lykkast med den type satsingar.  Boksalet elles var stabilt samanlikna med dei føregåande åra. At vi får ei negativ botnlinje er eit resultat av ein villa strategi om å investere opptente midlar i desse åra i framtidige litteraturprosjekt. Den satsinga blir vidareført no i 2019 og 2020.

Satsar på kvalitet og utvikling

Forlagssjefen har ingen aksjonærinteresser å ta omsyn seg til. Han er stolt over kva forlaget produsera, ikkje minst i jubileumsåret:

– Samlaget er ei stifting styrt av over 2500 medlemmer. Det betyr at ingen aksjonærar tek utbytte, og at overskot går til litteraturutvikling. Stiftinga har samstundes eit samfunnsoppdrag i å levere nynorsk litteratur i alle sjangrar. Vanlegvis betyr det ein finjustert økonomisk balansegang mellom den ordinære utgivingslista og inni mellom nøye utplukka litteraturløft. Etter 5 år med svært gode resultat har vi dei siste åra kunna bruke opptente midlar til fleire samtidige litteraturprosjekt som elles måtte venta.

– Vi er stolte over det vi har fått til på omsett lyrikk (dansk, svensk, amerikansk), Norsk Røyndom-serien og Nynorsk Litteraturhistorie. Sistnemnte aleine er eit tre-års løft med prislapp på over kr 4 millionar.

– Vi har stått på det vi i Samlaget kallar kvalitetslinja og satsa på utviklinga av forfattarskap. Brageprisen til Tore Kvæven året etter at Olaug Nilssen vann same prisen året før var stort her på huset, og ei vitamininnsprøyting utan like.

– Elles synes eg vi greidde å gjennomføre eit 150-års jubileum etter planen. Vi oppsummerte historia gjennom storverket Nynorsk Litteraturhistorie, men såg mest framover og sådde for framtida. Det kosta, men det var verdt det, får vi håpe.

– Det er kanskje nok sjølvskryt i denne omgang?

Sterk haustliste

Austigard venter eit bra resultat også i år. Han har stor tru på forlagets haustliste:

-Vi har ei sterk og mangfaldig liste. Eg skal likevel avgrense meg. 60-årsjubilanten Jon Fosse kjem med første bok i storverket Septologien 6. september. Samlaget saman med Det Norske Teatret arrangerer i perioden 6. -15. september Den Internasjonale Fosse-festivalen på teatret. Der blir det mellom anna premiere på Triologien, som no har selt i over 40 000 eks., sett opp av den verdskjente belgiske regissøren Luc Perceval. Vidare blir det gjestespel frå Austerrike, Russland, Japan og Sverige. Og ikkje minst ei svært interessant seminarrekke om Fosse, litteraturen og dramatikken.

– Elles vil eg også nemne at Agnes Ravatn er tilbake med roman, og at eit av høgdepunkta i 2019 er å kunne gi ut Ahmed Altans Eg får aldri sjå verda igjen, ei bok eg vil oppmode flest mogeleg til å lese. Ikkje minst for å reflektere over ytringsfridom og kor viktig det er å ikkje ta den for gitt. Og sidan landet er i valkamp høver det jo å nemne boka i undersjangeren «kommunal feelgood», Jens Kihl si Dette er også Noreg.

Trur ikkje folk er lei av gode forteljingar

Forlagssjef Edmund Austigard, som også er nyvald styreleiar i Forleggarforeininga, ser klare utfordringar for bransjen, som for eige forlag:

– Bransjen er i endring, og vi må endre oss. Det er ein god ting, det held oss på tå og skjerpar krava langs heile linja. Så langt i år går ting etter planen, men det er som vanleg hausten som er avgjerande. I ledige stunder lurer vi litt på korleis samansettinga av litteraturkonsumet blir framover. Kor stor blir lyd, og kva med lesinga. Vi grunnar litt på kva vi kan gjere for 12-årige gutar når dei ikkje spelar FIFA. For at folk er leie av gode forteljingar, det trur vi ikkje på. Heller tvert om. Og då er bokbransjen staden å vere. For det finns ingen annan stad der så mange gjennomtrente fagarbeidarar jobbar så godt og så grundig med tekst, utvikling av forteljingar og det norske språket.

– God bokhaust til alle, avsluttar ein inspirert og engasjert Edmund Austigard.