Fargesterk fabelforteljing

Mona Høvring (foto: Agnete Brun)

ANMELDT: Trøystesoge for kaklande kråkebollar, middelmåtige marulkar og buskbryna tøyter.

Prosapoeten Mona Høvring leikar med livet og lesaren når ho i nynorsk språkdrakt byr på ei sjeldan fargesterk fabelforteljing.

Med namn som Fråid, Terje Eddipus og Eva skjønar lesaren frå første stund at her blir ein invitert inn i ein heilt spesiell familie. Mor drog tidleg for å ”skjøne livet”, og skriv korte og rare julepostkort frå det ho fortel er eit italiensk kloster.  Sidan far og kaptein August Augustus Vulgaris oftast turnerer verda med skuta og det songglade mannskapet, finn ungane i Urskogen 13 tidleg sitt mantra: Ikkje spørje, ikkje gråte, ikkje sakne. For å jaga motløysa røyker dei av og til vasspipa faren sende dei i gåve då han runda Kapp det gode håp.

Imponerande variert ordtilfang

Det er berre  storebror Terje Eddipus som går i terapi, men han meiner Fråid har minst like store problem fordi han til og med elskar mora som drog med si ”somatisk positive innstilling til slike skrullete damer”.

Velviljen blir likevel sett på prøve når far kjem heim med sjølve sjefsskrulla, Demona de Sjavy, og presenterer henne som den nye stemora. Paret møttest på sjukehuset, der ho har vore innom dei fleste tyngre avdelingar og diagnosar frå ei paramedisinsk liste. Demona er utdanna akupunktør via brevkurs, og endrar høgde med fleire desimeter etter humør og dagsform. Ho kan dessutan fyke og fly, både med og utan motorsykkel, og har eit imponerande variert ordtilfang når ho skjeller ut folk.


Mona Høvring:
SOGA OM FRÅID – HANS MEININGAR OG LIVSKJENSLE som også inneheld somme salige stunder
roman
Samlaget
125 sider

Overskot

Både kvardagsskildringane frå den vaksenfrie heimen og personteikninga av far på dei sju hav er fulle av Pippi-inspirert saft og farge, men Høvring overgår dei fleste nyare forfattarar i fandenivoldsk og burlesk fargerikdom. Teksten sprudlar, full av overskot og tilsynelatande utemja assosiasjonsleik. Miljøskildringane er spekka med populærkulturell kuriosa og fellesminne, særleg frå siste halvdel av førre århundre. Norske Randi Hansen og songen hennar om å få vera sola di er via ein sentral plass. Forfattaren leikar seg elles med ulike internasjonale referansar til kultur, vitenskap, alternativbransjen og litteratur. E.T.A. Hoffmann får til dømes æra for å ha inspirert Høvring sitt eige tittelval, ved boka Hannkatten Murr – hans liv og meninger som også inneholder kapellmester Johannes Kreislers fragmentariske biografi på tilfeldige makulaturblad (1820–21)

Både intrikat og lettlese

Når Mona Høvring no for første gang byr på ein roman på nynorsk, er tonen frisk, personleg og djerv.  Språket flyt lett, sjølv der setningar og avsnitt er fribrodert og finurleg forma. Under dei tilsynelatande innfallsstyrde og frilynde skildringane styrer forfattaren likevel med stramme tøyler, slik at resultatet blir både intrikat og lettlese. Teksten smøygjer seg seljemjukt  i sanselige setningar som både overraskar og lokkar fram både smil og flir.

Høvring kan verka traust – og meir katolsk enn paven – når ho nyttar nynorskuttrykk som at ein uthaldande beilar var ”fast i hugen”.  Samstundes er den ungdommeleg gamalmodige forteljarstemma prega av engelsk, ikkje berre anglifising av norske uttrykk, men ved nokon ”kallar på callingen” eller reiser kollektivt og «slowsmart». Språket er også krydra med ei klype, og når hovudpersonen får eit leksikon over framandord er det slutt med å bruka meir kvardagslege adekvate synonym for slike.

Barnefri eller barnets fridom

Sjølvsagt må ei slik raljerande og hemningslaus hurra-meg-rundt-forteljing ha klangbotn av stort alvor. I denne forteljinga er det ikkje vanskeleg å sjå drøftinga av kor grensa bør dragas når valet står mellom foreldre sine behov og barna sine behov, når desse ikkje let seg kombinere. Lengten etter noko trygt, å høyra til, bli teken vare på, pregar særleg hovudpersonen Fråid. Han utviklar seg likevel, og vekst i kreativitet og frie tankerom. Men både draumelesaren Fråid, storebror og veslesøster er teikna slik at låtten frå den gjøglarinspirert humoren i store og små hendingar smakar vagt av tåresalt.

MAY GRETHE LERUM