Prøysen ved sengeenden

Alf Prøysen Foto: Odd Wentzel

Ragnar Hovland gjør seg noen refleksjoner på tampen av Prøysen-året.

Det går mot slutten av Prøysen-året. Ikkje nok med det, det går også mot slutten av Tove Jansson – og Dylan Thomas-året. Tre store diktarar som alle ville ha fylt 100 år, om livet og lagnaden hadde villa det litt annleis.

Feiringa av Prøysen har, etter det eg har kunna registrere, stort sett vore ganske traurige greier. Han har blitt løfta opp og sett ned att akkurat der han stod frå før. Den offisielle avslutninga var eit tv-program på NRK, i samarbeid med Det Norske Teatret, som kulminerte med at programleiarane song ”Du skal få en dag i mårå” akkompagnert av eit barnekor i gammaldagse klede. Der har du Prøysen, veit du.

Eg hadde alvorlege planar om både å dra til Helsinki for å sjå kva dei gjorde med Tove Jansson og til Swansea for å undersøke det same på Dylan Thomas-fronten. Men planane gjekk i vasken. Eg veit likevel at mykje skjedde. Men for alt eg veit kan dei også der ha hatt barnekor og syngande programleiarar. (Når det gjeld dei utanlandske storleikane, så kan eg ikkje sjå at norske forlag akkurat har lagt seg i selen for å markere dei. Særleg gjeld dette Thomas. Bokvennen gav ut gjendiktingsboka ”Dikt på min gebursdag”, mens Aschehoug ikkje fann det bryet verd å gi ut på nytt den fantastiske prosaboka ”Portrett av kunstneren som hvalp”. Truleg var det ingen på forlaget som visste at dei ein gong gav den ut.)

 

Men akkurat no får eg nøye meg med Prøysen. Sidan eg går så hardt ut, kva slags feiring meiner eg at han hadde fortent? Pokker om eg veit! Så her er i staden min vesle tale om Prøysen:

Heilt frå den tidlege barndommen, då Alf Prøysen stod ved fotenden av senga mi, der andre folk hadde englar, men eg var privilegert, eg hadde Alf Prøysen, som song meg i søvn med låg røyst: Å du gode sparegrisen min, nå skal du få toøringen din… Og eg skjønte heilt intuitivt at no skulle eg ikkje seie eit ord. Berre sovne stille som ei mus.

Eg er altså Prøysen-generasjonen. Eg er ein av dei som var der då Prøysen rusla rundt.

Men i det verkelege livet møtte eg jo aldri Alf Prøysen. Eg har aldri sett han heller, berre på tv. Og høyrt han på radio.. Kanskje var det best at eg aldri møtte han? Og hadde noko vore annleis om eg hadde gjort det?

Men eg syntest jo eg kjende han likevel. Om livet gjekk meg imot, noko det stadig gjorde, så var alltid Alf Prøysen der med den trøystande og milde og tidlause og eigentleg litt triste Alf Prøysen-stemma si. Prøysen i barnetimen: Han prega i den tid truleg mitt syn på verda, ja, Prøysen var ei av dei viktigaste årsakene til at eg kjende at eg hadde ein god barndom, eit godt liv, midt i alt som var vondt. Om noko gjekk gale, så var iallfall Alf Prøysen der.

Prøysen var ein del av grunnmuren i livet. Ein tenkte vel at han alltid skulle vere der, og ein tenkte vel at ein kunne ty til han når det trengdest, som om han var ein slags sjølvbetjeningsdisk.

 

Men ein dag var ikkje Alf Prøysen der lenger. Dei andre var der framleis, Thorbjørn Egner, Anne Cath Vestly, men dei hadde tatt bort Alf Prøysen, den viktigaste av dei alle.

Eg var blitt ein ung mann, eg høyrde ikkje så mykje på Alf Prøysen lenger, eg høyrde på avansert popmusikk. Og så er Alf Prøysen borte, og eg høyrer på det avanserte popmusikk-programmet til den avanserte popmusikkmannen Harald Are Lund. Og kva gjer han? Han minnest Alf Prøysen med å spele eit opptak der Alf Prøysen les – ikkje syng – Romjulsdrøm. Og ein tenkjer at det iallfall ikkje er rettferdig at Prøysen ikkje lenger er der, at han aldri meir skal stå i fotenden av senga og passe på deg.

Og ein tenkjer på forteljaren Prøysen. Han som skildrar ein verden som ikkje lenger finst, men som framleis lever, intenst, i eit heilt spesielt lys.

For Prøysen er ein diktar for heile livet, for alle aspekt, for alle opp- og nedturar, ein som bryr seg om dei små tinga, teddybjørnar og blåbær og pinnsvin og teskjekjerringar, og som like gjerne og like sant skriv om dei store og dei vonde tinga. Om kor vanskeleg og kor vondt og urettferdig dette gode og fine livet eigentleg er. For dei fleste. Og for Prøysen sjølv.

Og noko av det gode med han er at han er seg sjølv. Han er ikkje Norges Evert Taube eller Bellmann eller Robert Burns eller Woody Guthrie eller Robert Johnson eller Georges Brassens. Han er Alf Prøysen. Og det er akkurat nok.

Og eg veit ikkje kor vi hadde vore om vi ikkje hadde hatt han, akkurat lenge nok.

 

 

Ragnar Hovland 2013_Foto Eli Berge Fotofil_no_47

RAGNAR HOVLAND

 

 

(Foto Prøysen: Odd Wentzel / Gyldendal; Hovland: Eli Berge)