– Pippi var min barndoms bibel

Pippi var Ingunn Røysets store helt som liten (Foto: Svein Olav Humberset/Vigmostad Bjørke)

«Perfekt» har vært hennes vanskeligste bok å skrive, innrømmet Ingunn Røyset på Facebook nylig. Så har da også Pia, hovedpersonen i forfatterens nye barnebok, mange vansker å takle i livet.

Hvilke bøker er det som virkelig har betydd noe for norske forfattere? Det har Bok365 forsøkt å ta et dypdykk i. Og la det være sagt med en gang: Vårt nye tilskudd til spalte-floraen er heftig inspirert av en utmerket tilsvarende spalte i The Guardian. Denne uka har vi spurt forfatter Ingunn Røyset, aktuell med barneboka Perfekt (Vigmostad Bjørke).

 

 

Boka jeg leser nå?

Alltid mamma av Tone Ingebrigtsen. Familien min påstår at eg blir hekta på ting. Berre fordi eg må fortelje korleis Tone Ingebrigtsen organiserer klesvasken. Og kva Filip Ingebrigtsen skreiv på morsdagskortet i 2019. Eg forstår ikkje kva dei meiner. Det er både rørande og veldig interessant. Neste på lista er Gjerts metode.

Boka som forandret livet mitt?

– Den siste mohikanar av James Fenimore Cooper, på Norsk Barneblads Forlag. Den første boka eg kan hugse å bli lest høgt frå. Eg var sånn ca fire år og bokvalet var nok prega av at eg hadde eldre søsken som skreik seg til viljen sin. Men det ga meg ei oppleving av at det var mogeleg å finne ei heilt ny og anna verd mellom to permar.

Boka jeg skulle ønske at jeg hadde skrevet?

– Jenny av Sigrid Undset. Eller eigentleg kunne eg vel enda meir tenkt meg å ha levd den boka. I eit loftsatelier med takterasse i Roma om våren. Berre med ein lukkelegare slutt.

Boka som har påvirket min skriving og mitt forfatterskap mest?

– Pippi Langstrømpe. Den var min barndoms bibel. Mora mi var første generasjon lesar av dei tre små bøkene av Astrid Lindgren og siterte Pippi i passande og upassande situasjonar. Eg veit ikkje heilt kva som var det beste når mamma las høgt, latteren hennar eller historiene om Pippi som muntra tante Laura litt.

Boka jeg synes er mest undervurdert?

– Kati-bøkene av Astrid Lindgren: Kati på Kaptensgatan, Kati i Amerika og Kati i Paris. Dette er reisekildringar som inspirer til å lese den klassiske litteraturen og mellomeuropeisk historie, alt saman forkledd som ungpikeromanar med Astrid Lindgrens humoristiske skråblikk på livet.

Den siste boka som fikk meg til å gråte?

– Eg las nettopp på nytt Marit Kaldhols søkeord: ayotzintli. Eg bøyer meg i støvet.

Den siste boka som fikk meg til å le?

Ninjarobot av Torkil Torsvik frå 2021. Kunne ikkje unngå å le høgt fleire gongar sjølv om eg er langt frå mågruppa til superhemmelege skuledagbøker.

Boka jeg skammer meg over å ikke ha lest?

– Haruki Murakamis Fargeløse Tsukuru Tazaki og hans pilgrimsår står og lyser gult mot meg frå bokhylla. «En nytelse å lese» i følge omslaget. Det får bli i mitt neste liv. Med eit par nye, friske auge.

Boka om mitt liv – tittel?

Det går bra til slutt.