Overraskar med ny Ferrante

NORSK SUKSESS: Slik såg gjennombrotet "Mi Briljante venninne ut". Kvartetten har nådd svært mange lesarar i Norge. No kjem ny bok frå Napoli.

Tittelen er enno ikkje kjend, men ny Elena Ferrante-roman kjem 7. november.

– Vi er overbegeistra for å høyre at Ferrante har skrive ny roman. Dette fekk vi vite for kort tid sidan og vi fekk lese nokre sider. Romanen kjem på italiensk i november, og vi håpar å gje han ut til våren, seier Håkon Kolmannskog i Samlaget.

Den nye boka foregår i Napoli, den same byen som Mi briljante venninne. 

Nyheita blei formidla via twitter i går og det såg slik ut:

Elena Ferrante kom på norsk allereie i 1994 da Gyldendal ga ut romanen Hjemreise, seinare kjend under tittelen Kvelande kjærleik på Samlaget i 2018. Men det var ikkje før 2015 da Mi briljante venninne kom ut at det verkeleg tok av, godt hjulpe av ein ivrig lobbyerande omsetjar Kristin Sørsdal.