Ønsker lesetips til ferien

PÅ MINI-EUROPAFERIE: Anne Liv Tresselt. (Foto: Privat)

DAGENS SOMMERGJEST: Anne Liv Tresselt på Europa- og Oslo-ferie, og er ute etter lesetips til barn på 5, 10 og 12 år.

Markedssjef i Samlaget, Anne Liv Tresselt, husker med nostalgisk glede barndommens somre. På biltur gjennom Europa, med piknikkurv, campingplasser og bilkøer. Kanskje blir det samme opplevelse når hun i år tar en minitur på det europeiske kontinent selv.

– Hvor tilbringer du ferien?

– I år skal vi gjenoppta tradisjonen med å dra på stranda i Bornholm i Danmark med storfamilien. Så skal vi ein minitur til Tyskland og Hamburg på vegen heim. Og så blir det Oslo-ferie, i byen, i Nordmarka og på ei hytte vi leiger på Hallangen. Det er eigentleg ikkje vits å dra frå Noreg om sommaren, men litt eventyr er stas.

– Hva må en god sommerferie inneholde?

– Utetid, bading, stuping frå litt for høgt, tullete ferieleiker i bilen, badminton, trampoline, sjeinebrett og ball. Barn! Nye ferievenner. Bok, musikk og sommarmat. Tid med venner og familie. I år skal eg lære meg å fiske.

– Hvilken bok er den beste du har lest så langt i år? Og hvilken ligger øverst i bokbunken i ferien?

– I vår har eg har lese ei novelle her og der i Sara Stridsbergs Hunter i Huskvarna. Eg synest alt ho skriv er magnetisk og vil eigentleg bare begynne forfra igjen. På do har vi Carl Frode Tillers diktsamling Det framande landet som eg alltid blar litt i og liker så godt. Og så les eg Factfulness av Hans Rosling. Den innheld ein haug med fakta og grafar som viser at verdas aller fattigaste får det gradvis betre. Eg las yndlingsboka mi Spurveliten frå 1977 av Barbro Lindgren til barna, vi elska den alle saman. Det første eg skal lese i ferien er Tove Ditlevsen Københavnertrilogi.

– Automatisk fraværsmelding eller litt mailsjekking fra stranden?

– I år skal eg sjå så lite som mogeleg på skjerm.

– Hva står på bordet hvis du får velge ditt perfekte sommermåltid?

– Spagetti med ferske tomatar, sitron, gresslauk, kvitlauk og peccorino. Is veldig ofte. Limonade eller øl.

– Hvem ville du invitert til bords, hvis du ikke kunne velge familie eller kjæreste?

– Kan eg heller be om ein fisketur med Stein Torleif Bjella og Morten Strøksnes?

– Ditt beste ferieminne?

– Foreldra mine var utruleg sporty og putta tre barn i baksetet på Minien (etterkvart Golfen) og kjørte frå Stavanger og ut i Europa i vekesvis kvar sommarferie, med telt og piknikk-kurv. Eg hugsar det som ein god og varm strøm av campingplassar, badeplassar, bilkøar, kunstmuseum, kirkegårdar, tunellar, fransk brie-opplevingar og varm mjølk i pose til frukost. Rein dannelsereise, tusen takk, eg skjønner ikkje kor dei henta kreftene frå.

– Hvem i Bok-Norge vil du helst gi en blomsterbukett?

– Om ein tenkjer litt stort om kva som er Bok-Noreg så ville eg gi det til alle lærarar og barnehagetilsette som les høgt for barna våre, lærar dei å lese og ellers sørgjer for at det går bra med dei i dei mest krevjande og viktige åra.

– Hvis du fikk være kulturminister for en høst – hva er det første du ville gjort?

– Eg er svært glad eg ikkje er minister, det ser krevjande ut, og eg er sikker på at eg ville ha tatt mange snarvegar og glømt viktige retningslinjar og rutinar i min iver etter å få ting gjort. Eg ville ha starta med å leggje meg heilt flat, først som sist. Orsak! Så ville eg ha sett i gang med å dele ut rundhanda med kunstnarløn og stipend, auka innkjøpsordninga og tatt i litt ekstra på sakprosa med tilbakeverkande kraft.  Skulebiblioteka: fyll opp og tilsett bibliotekar. Bør det ikkje vere gode bibliotek og lesesirklar på alle arbeidsplassar? Ei veke lesefri i året. Noreg les-kampanjar med månadens felles lesebok. Fleire musikktimar og meir kunst og handtverk på skulen. Eg merkar at idéane lausnar litt etterkvart som eg jobbar meg inn i rolla no. Eg blir gjerne Kunnskapsminister også, ser eg.

– Hvis du kunne satt én bok på pensum i norske skoler; Hvilken og hvorfor?

– Camara Lundestad Joofs Eg snakkar om det heile tida, eller Mjøsa rundt med mor av Bjørn Hatterud. Begge bøkene fortel om korleis det er å vekse opp og kjenne på utanforskap og det å vere annleis. Dei er begge så lettlesne og korte, nesten underhaldande i formen, og ein kan nesten kjenne korleis det er å vere ein annan. Eg trur så godt som alle ville både ha likt dei og ha lært noko. Og fått til å lese dei.

– Hvilken overskrift håper du å se på Bok365 til høsten?

– Rein utopi, men: «Ny undersøking viser at norske barn er lei av skjerm. «La oss  få vere meir ute og leike», seier barn i heile Noreg.»

– Hvilket spørsmål burde vi ha stilt deg? (Og hva ville du ha svart?)

– Treng du lesetips til ferien? Ja, veldig gjerne. Til barna på 5,9 og 12. Dei liker heilt vanlege bøker om vanlege folk, gjerne litt alvorlege eller morosamme, men ikkje meir enn Roald Dahl-sprø. Og til meg sjølv, alt mogeleg, gjerne noko eg ikkje har tenkt på, må vere bra, gjerne klassikarar! Eg blir kjempeglad om du sender meg tips!

 

Se tidligere sommergjester her!