FRAMSNAKKING: I dag handler det om øl i lange baner.
Vår sedvanlige førjulstradisjon, Framsnakker-spalten, ruller videre. BOK365 utfordrer hver dag noen til A) å løfte frem en bok fra eget forlag som ikke har fått den oppmerksomheten den fortjener, og B) å velge en bok fra et konkurrerende forlag.
Om det norske ølet
Dagens framsnakker er Solveig Mork Holmøyvik, manusredaktør og marknadskonsulent i forlaget Skald. Hennes valg faller på en bok av NRK-journalist Sissel Brunstad:
– Frå eigne hyller vil eg trekke fram Norsk ølhistorie – frå Odins skål til i dag. Ho kom ut litt seinare enn planlagt, no rett før jul, men fortener ikkje å forsvinne i mengda. Her har forfattaren samla historia om det norske ølet, i form av tips, tradisjonar og historier frå ølbryggarar i heile landet. Interessant både for erfarne bryggarar, dei som vil prøve seg eller oss som berre er glade i historie og øl.
– Leikande lett
– Frå eit anna forlag er eg begeistra for Marta Breens Om muser og menn, som kom ut på Spartacus. Klok og underhaldande bok om skrivande kvinner – og menn – opp gjennom tidene. Breen skriv tilsynelatande leikande lett om alvorlege tema, og får alltid til det eg leitar etter ved ei bok: å få lyst til å lese ho ut.