Ode til regnet

Lyrisk: Ukas perle er eit fragment frå ”Ode til regnet” av Pablo Neruda, gjendikta av Helge Torvund.

Å famne verda inn og gripa lesaren med ei uventa linje

Det vesle fragmentet frå Nerudas ”Ode til regnet” rører ved lesarar og knyter trådar og band til verda og poesien på ein augeblink.  Pablo Neruda, den chilenske mannen som i åra 1954 til 1957 gav ut tre omfattande samlingar med oder om dei heilt elementære og grunnleggjande tinga i kvardagen, kan fungera som eit lite agn for den som endå ikkje har stifta grundigare kjennskap til denne skattekista i verdspoesien. Den komplette samlinga med Elementære oder finst på dansk, ei flott innbunden bok på 766 sider, medan det på norsk har kome ut eit utval gjendikta av Kari Näumann og sju oder i Pablo Neruda: Dikt i utval som kom i Lyrikklubben til Den norske bokklubben i 1973. Han avslutta eit sjølvportrett i tidsskriftet Ancora med at han er ”diktar inntil det forkastelege og einfaldig som ei gås.” Det står òg at han er langsam i gangen og melankolsk av fjellkjeder.

For meg står dei elementære odane til Neruda som det endelege provet på at det kan skrivast strålande poesi ut frå glede, ut frå kjærleik til dei enkle tinga me sansar og har omkring oss, som det å bita i eit eple, kjenna lukta av ved, sjå på ei klokke om natta. Han skriv inderlege dikt om ein landsbykino og om lauken, om eller til ein tunfisk på marknaden, til sokkane, til såpa og til ordboka. Om den siste heiter det blant anna:

Den store Trollmannen sa ingenting.

Gammal og tung, i sin slitne
skinnfrakk,

heldt Ordboka munn
og nekta å røpa

sine løyndommar.

Men her vil eg altså gjerne røpa denne løyndommen for alle som er interessert: Les dei elementære odene til Neruda. Dei er fulla av energi og tilstadevering, og dei er friske som eit nydelt eple som ikkje tapar sin saftige smak over tid. Dette er dikt som opnar kvardagen og morgonen, kvelden og natta for den som sit ved enkle bord og smakar på ein forstandig vin.

 

Fragment frå: ”Ode til regnet”

Regnet kom attende. 
Det kom ikkje frå himmelen
eller vestfrå.
Det kom rett frå barndommen min.

 

Pablo Neruda 

(gjendikta av Helge Torvund)

 

Les også: Hjemme hos Pablo