Nytt teaterstykke frå Nobelprisvinnar Jon Fosse

- Det er ei stor ære at urpremieren på det første Fosse-stykket etter at han mottok verdas gjevaste litteraturpris, skjer på Det Norske Teateret, seier teatersjef Erik Ulfsby.

– For meg handlar dette om einsemd, og kvifor ein ikkje klarer å vere i lag med sjølv dei næraste, seier regissør Kjersti Horn.

Det Norske Teatret aktuell med urpremiere på hans neste stykke Einkvan. For den komande teatersjefen Kjersti Horn er det første gongen ho arbeider med ein Fosse-tekst.

Regissør Kjersti Horn (Foto: Magnus Skrede)

I Einkvan møter ein ung mannleg bildekunstnar ein annan ung bildekunstnar. Det er ikkje eit varmt møte. Dei kjenner kvarandre frå langt tilbake, men verkar framande for kvarandre. Ei eldre kvinne møter ei kvinne som minner om henne sjølv. Ein eldre mann møter ein eldre mann som liknar han sjølv. Kvinna og mannen er foreldra til bildekunstnaren, og forsøker å snakke med han, men utan hell.

Avgrensa kontakt

– Foreldregenerasjonen og barnegenerasjonen strevar etter å få kontakt. Difor har vi lagt opp til eit konsept der også publikum vil streve for å oppnå kontakt med skodespelarane, seier scenograf Haraldsson.

Preben Hodneland er ein av skodespelarane som er med i Einkvan. (Foto: Siren Høyland Sæter)

Han har skapt eit rom i scenerommet avgrensa av noko som liknar eit dusjforheng av svakt gjennomsiktig plast, som stenger mellom skodespelarane og publikum. På lerret vil ein sjå levande nærbilde av skodespelarane som befinn seg inni rommet.

Ei ære

– Det er ei stor ære at urpremieren på det første Fosse-stykket etter at han mottok verdas gjevaste litteraturpris, skjer på Det Norske Teateret, seier teatersjef Erik Ulfsby.

Jon Fosse sjølv hevda at prisen også var ein pris til nynorsken.

– Sett i det lyset, er det naturleg at det er den største nynorskinstitusjonen i landet som får gleda av å vise dette til folket, seier Ulfsby. Teateret har alt merka ei auka Fosse-interesse og at publikum ønskjer å oppleve Fosses tekstar på scenen.