Nynorsk litteraturpris til festspilldikter Bildøen

Brit Bildøen. Foto: Tove K. Breistein

- Ein modig roman, skriv juryen.

Brit Bildøen er tildelt Nynorsk litteraturpris for romanen Tre vegar til havet (Samlaget). Prisen er på 30.000 kroner.

Boken kom ut hausten 2018, til strålande meldingar. I boka skildrar Bildøen avmakt i møte med byråkratiet og kva desperasjon kan gjere med eit menneske. Samstundes teiknar ho eit urovekkjande bilete av ei tid der fugleartar forsvinn i rasande fart, og der menneske kjenner seg åleine blant sine eigne.

Juryen hevda i sin grunngjeving at boken først og fremst var ein modig roman:

«Tre vegar til havet er mange ting, men først og fremst er det ein modig roman…Denne svært komplekse og genuint tragiske tematikken turnerer forfattaren med ein intelligens, ein empati, ei språkleg fingerspisskjensle og eit moralsk vidsyn som til saman gjer Tre vegar til havet til eit betydeleg kunstverk. Av alle desse grunnane er det ei stor glede å tildele Nynorsk litteraturpris for 2018 til Brit Bildøen!»