Nyforelska i Gro Dahles dikt

DIKTAR FRÅ VÅR TID OG VÅRE DAGAR: Ruth Lillegraven. Foto: Paal Audestad

Sommergjesten er i dag Ruth Lillegraven.

Ruth Lillegraven kom i fjor ut med to bøker. Diktsamlinga Sigd innbrakte henne Nynorsk litteraturpris. For diktsamlinga Eg er eg er eg er – ble hun nominert til både Kritiker- og Brageprisen. Begge i klassen for barn og ungdom.

I tillegg redigerte hun sammen med Tordis Ørjasæter diktantologien Disse dagene, dette livet. Dikt vi har sammen.

I vårt lette sommerportrett får vi vite at hun skriver – også i ferien, men bare litt.

Hvor tilbringer du ferien? 

I år blir det Granvin i Hardanger (der me alltid er), litt Østerdalen, litt Kreta – og ein slengar til Grimstad når kvardagen er (litt) i gang att.

Ferie med eller ferie fra bøker?

Med, heilt klart. Det er mykje av kosen for meg, ha tid til å lese. Kanskje skal eg til og med skrive litt. Mannen har i allefall gitt meg lov. Men det spørst om eg klarar stå tidleg nok opp til at det er gjennomførbart.

Hvilken bok er den beste du har lest så langt i år? 

Eg må få nemne tre heilt ulike bøker eg har lese i det siste: Monica Isakstuens Flamme-singel: Anstendig og verdighet, den er uredd og interessant – i tillegg til å vere velskriven – set fingeren på eit eller anna ubehageleg me ofte ikkje vil vedstå oss.

Monica Isakstuen Foto: Paal Audestad

Harpiks av danske Ane Riel er ei utruleg sterk, gripande og annleis krimforteljing om ein dysfunksjonell familie ute i skogen.

Ane Riel Foto: Alex Nyborg Madsen

Og Wencke Mühleisens All gjeldende fornuft er ekstremt velskriven, ubehageleg og klok – ei eksistensiell bok som fekk meg til å tenkje mykje på kva livet er og kva det bør brukast til og ikkje brukast til. Første boka eg har lese av henne, med skam og melde, men no fekk eg lyst å lese resten.

Wencke Mühleisen Foto: Rolf M. Aagaard

 

Hva står på bordet hvis du får velge ditt perfekte sommermåltid? 

Sashimisalat med salmalaks, agurk, mango, koriander, lime mm synst eg er veldig godt. Ferskfiska fjellaure også. Blåskjell. Det mest som kjem opp av eit vatn eller ein sjø, eigentleg.

Hvem ville du invitert til bords, hvis du ikke kunne velge familie eller kjæreste?

Eg er innimari glad i alle mine nokså mange veninner, men mange av dei kjenner kvarandre eigentleg ikkje. Eg skulle gjerne samla dei til eit herleg Carl Larsson-aktig hageselskap med mykje vin (helst utan at eg måtte stå for noko av arbeidet).

Hva har gledet deg mest i Bok-Norge så langt i år?

Ein liten, men samtidig stor ting: Årets redaktør-prisen til Mattis Øybø på Tiden Norsk Forlag var ekstremt vel fortent. Elles var det veldig gledeleg at ein fekk stoppa forslaget om endring i åndsverkslova. Kudos til foreningane.

Årets redaktør Mattis Øybø – Foto: Pernille M. Walvik

 

 

 

 

 

 

… og hvem Bok-Norge ville du helst gitt en brennmanet? 

Tja, eg tykkjer vel eigentleg ikkje det er så hyggeleg å kaste om seg med brennmaneter. Mogleg kulturministeren hadde fått ein om ho ikkje hadde trekt tilbake forslaget om endring i åndsverkslova.

En dikter som tankene nå ofte går til?

Eg er i allefall veldig nyforelska i ein del av Gro Dahles dikt. Ho har nokre nydelege sommardikt, dette er med i diktantologien Tordis Ørjasæter og eg redigerte i fjor, og eg tykkjer det er heilt nydeleg – og som nesten får meg til å gråte kvar gong eg les det:

 

Jeg klipper hårlokker av henne for å huske hvor lys
hun var. Tar bilder for å spikre henne fast. Sommeren
jeg svømte med henne på ryggen fra svaberg til
svaberg. En hukommelse av en hukommelse. Plutselig
står hun i døren. Hun har en fremmeds
hender. Lange og magre.

Hvis du fikk være minister for en høst – hva er det første du ville gjort?

Eg ville vore Sylvi Listhaug og gått inn for ein rausare innvandringspolitikk, og ikkje minst ei meir human behandling av alle barn på flukt som ikkje får den trygge, gode barndomen dei fortener og som me burde vere i stand til å gje dei.

Hva  en god sommerferie inneholde?

Fråver av ting som stressar ein er viktig. Nok søvn, god mat. Selskap av gode folk. Ja, og bading, heilt klart. Eg elskar å bade. Basseng er ok. Ferskvatn og sjø er topp. Det må ikkje vere veldig varmt. Men helst over 15, skal eg uti. Elles blir eg ekstremt lett versjuk i ferien, så eigentleg er vel svaret: BRA VÊr!

Hvilket spørsmål burde vi ha stilt deg?

Hmmm … Kanskje: ”Får me lov å kome heim til deg og ordne opp i hus og hage, rydde, systematisere og ordne, før ferien?” Det hadde gjort seg. Men eg hadde nok blitt litt sveitt også.

 

Gro Dahle: «Jeg klipper hårlokker» (fra Foreldretanker, Cappelen, 2001)
Ruth Lillegraven og Tordis Ørjasæter: Disse dagene, dette livet – Dikt vi har sammen (Kagge, 2016)