Ny sjef i Odda

Kim Christer Hylland.

Kim Christer Hylland blir ny dagleg leiar for litteraturhuset i Odda.

Stiftelsen Sentralbadet litteraturhus har tilsett Kim Christer Hylland som dagleg leiar for litteraturhuset i Odda frå 1. februar 2023.

Kim Christer Hylland er kjend for mange for sitt arbeid for kulturlivet. Han er musikar og komponist, og har i fleire år jobba med å utforske lyden av Smelteverket, gjennom sitt prosjekt OVN III, som vi har fått stifte bekjentskap med på m.a. på Litteratursymposiet i Odda over fleire år. Han er óg lang erfaring som arrangør, og står bak konsertsuksessen Odda banker jula inn, som fylte Lindehuset i romjula.

Velberga gjennom pandemien

– Vi i styret er kjempeglade for at vi har fått med oss Kim Christer på laget vidare, seier styreleiar for stiftinga, Ingvild Ystanes. Som ein følge av pandemien og nedstengingane, mista vi funksjonen dagleg leiar i 2020, og blei sett ein del tilbake på driftsstida. Vi kom oss velberga gjennom pandemien, opplever no stor etterspørsel etter tilboda våre om lokale til møte og fest, og satser med eigne arrangement. Renoveringsprosjektet nærmer seg slutten og styret er samla bak at det no er på tida å satse, for verkeleg å etablere Sentralbadet litteraturhus som regionalt kulturhus i Hardanger.

Hylland starter i stillinga 1. februar 2023 i 100 %.

0 Delinger