Ny medarbeidar i SKALD

Solveig Mork Holmøyvik er tilsett som manusredaktør og marknadskonsulent i forlaget Skald.

– I Skald får eg jobbe halvt om halvt med manus og formidling, i eit forlag som eg er begeistra for frå før. Så denne sjansen kunne eg ikkje la gå frå meg, seier Holmøyvik.

Solveig Mork Holmøyvik (f. 1986) frå Holmøyane i Nordfjord er tilsett som manusredaktør og marknadskonsulent i forlaget Skald. Ho kjem frå stillinga som kommunikasjonsrådgjevar hjå Fylkesmannen i Vestland. Ho er utdanna språkvitar og har arbeidd med kommunikasjon og forskingsformidling hjå Kommunaldepartementet og Universitetet i Oslo. Ho har òg budd og arbeidd nokre år i Frankrike og Belgia, mellom anna ved den norske ambassaden i Brussel. 

Fornye oss heile tida

Forlaget som i fjor fylte 25 år, har dei siste åra kontinuerleg styrka staben og jobba med å feste posisjonen sin bokbransjen.

– Vi prøver å fornye oss heile tida og bidrar med å gjere den norske bokfloraen rikare. Eg trur Solveig vil eit verdifullt tilskot til det innovative og dynamiske forlaget vi ynskjer å vere, seier forlagssjef Simone Stibbe.

Solveig Mork Holmøyvik byrja i stillinga 1. mars.