Mellombøkene gjer jobben

JOBBEN ER GJORT: Septologien er sju bøker i tre utgjevingar. Neste år kjem slutten. Foto. Tom A. Kolstad

Bok fem opnar som alle dei fire første bøkene med ein variant over «Og eg ser meg stå og sjå mot biletet med dei to strekane som kryssar einannan…». I første bok av septologien (2019), var det to bøker. Her, i verket med den Rimbaud-inspirerte tittelen Eg er ein annan, får du dei tre neste.

Les bokmeldinga: Terningkast sju: Fosse i full fyr

Men tilbake til bok fem: Eg-personen Asle er to personar i også denne boka. Den eine er fylliken som blir funne i ei fonn i Bjørgvin og no ligg på sjukehus. Den andre er målaren, kunstnaren!, Asle som finn den første. Forvirra? Hopp mellom personar med same namn og lange hopp i tider innanfor eit par linjer, er kjende saker for alle Jon Fosse-lesarar, men mykje mindre anstrengande enn det høyres ut som. Men bok fem: Her kjem Asle (som på alle måtar er lik Fosse sjølv og gjer verket sterkt sjølvbiografisk) med sin poetikk, sitt kunstariske program. Sjå om ikkje dette også kunne vore sagt av forfattaren Fosse, ikkje berre målaren Asle:


Jon Fosse:
Eg er ein annan. Septologien III-V
Skjønnlitteratur
Samlaget
406 sider

…og eg ser på dei to strekane som kryssar einannan om lag på midten, ein brun og ein lilla, og eg tenkjer at eg mislikar dette biletet, for eg kan ikkje tola bilete som beinveges målar kjensler, endå om eg berre sjølv veit om det, det er ikkje slik eg målar, det er ikkje slik eg vil måla, for eit bilete kan godt fyllast med kjensler, men kjenslene skal ikkje målast som skrik og skrål og gråt, tenkjer eg, og eg tenkjer at dette rett og slett er eit dårleg bilete, men samstundes er det som det skal vera, det er ferdig… 

Gud, musikken og Sigve

Slik byr Fosse enda meir på sitt eige univers enn før, og det er ganske lettfatteleg framdrift i Septologien. Få personar, få stader, oversiktleg handling, eit repeterande, gnurande, snerrande språk og du kjem raskt inn i rytmen. Dette er musikk og det er ein skranglete rockband med fire der dei bur, gutar med langt hår og forskjellig syn på kva alt skal bli.

I Eg er ein annan bindet strammar Jon Fosse til diskusjonen om Gud og den katolske omvendinga. Var det Garborg som skrev at «dei dro til byane for å skapa seg»? Unge Asle reiser inn på gymnaset, flyttar på hybel og kjem snart i kontakt med Sigve, som han hugsar heimefrå. I Sigve teiknar Fosse eit fint portrett av ein utset gut, ein som har budd i andre høgda i eit naust, ein som har ein tyng rykksekk: tyskarungen. Sigve får bli med Asle inn i ungdomstida, han er døropnaren mot nye tider og nye erfaringar, noko som den eine Asle ikkje klarar handtera. Vi snakkar om alkoholen.

I septologien legg Jon Fosse igjen dei sterkaste spora av eige liv i forfattarskapen, ikkje dei einaste spora, men tydelegaste. Her er helsingar til Det er Ales, kunstsyn frå Melancholia-romanane og ikkje minst ei fortsetting på Jesus og Maria-historia frå Andvake-trilogien. Likevel er det så flytande og litterært innpakka. tekstane som starta i forrige bok har enno ikkje fått sitt punktum og det er repetisjon, vers, refreng. Seinare Fosse-forskning vil nok heilt sikkert slitast mellom «han har funne si form» og «forma er stivna – han kjem seg ikkje ut», men bøkene er tilgjengelege også for lesarar som er litt redd Fosse.

La meg få seie noko om formatet. Desse bøkene av Fosse er påkosta og har leseband, kapitélband, god godt papir, fin satsblokk og lekkert trykk rett på geltex. Det er ikkje alle bøker som ser slik ut, det finns gråpapirforlag der ute. Eg er ein annan blir også eit døme på kor vakkert det kan bli og kor og overlegen teknologi papirboka kan vere.

Minnar om overgrepet

Tilbake til bok fem til sju: Fosse minnar han oss på at Asle blei utsett for eit eller fleire overgrep i ein bil i første bok. Om eg kjenner dramaturgi rett, kjem denne tematikken som ei kule i siste utgjevinga neste år. Allereie på side ni varslar Jon Fosse at noko kjem til å kome:

… og i dag er det onsdag og det er nokså tidleg på morgonen, eller kanskje er det framleis natt? tenkjer eg og det var så kaldt i stova at eg ikkje ville stå opp, tenkjer eg og stryk Brage over ryggen og så ser eg inn i mørkret og eg ser Asle sitja på dissa der i tunet heime og han dissar ikke, han berre sit der …

Mellombokas forbanning?

Fosse er frisk, Fosse er god. Eg er ein annan kan godt lesast åleine, lausriven frå første bok og vil for ein ny lesar opplevast som sprek, slik ein topproman skal vere. Det er ikkje mykje å ta Fosse på, men det er ei mellombok som ikke overraskar og tryllar og trollar som første bandet. Korleis skulle noko nå førsteboka til knehasene i september 2019? Kanskje er dette trilogiens forbanning? Slik var det til dømes også i ein annan strålande, fersk trilogi, Vernon Subutex av Virginie Despentes. (Fosse har sjølvsagt sju bøker planlagt, men dei kjem i tre bind.)

Eg er ein annan munnar ut i bøn og fikling med rosenkransen. Boga er spent opp til neste år. Dei to strekane frå opninga skal kanskje kome saman? Mellomboka/bøkene har gjort jobben sin.

VIDAR KVALSHAUG