– Meir planlegging av barnebøkene

Atle Berge (Foto: Sara Berntsen)

BARNEBOKPROFIL: - I motsettning til vaksenbøkene mine som blir til på ein mykje meir intuitiv måte, er desse bøkene mykje meir planlagde, fortel Atle Berge.

Atle Berge er frå Nordhordland, og er utdanna journalist, og arbeider til dagleg som forfattarkonsulent for Norsk Forfattersentrum. Denne hausten er han aktuell med to bøker, ei vaksenbok og ei barnebok – som er ei ny bok om Barcelona-gjengen.

 

Forfatter: Atle Berge

Aktuell med: Robot-Birk (Samlaget)

 

 

 

 – Hvorfor skrev du akkurat denne boken:

 – Robot-Birk er den femte boka i fotballbok-serien om Barcelona-gjengen. Planen er å skrive ei bok frå perspektivet til kvar av spelarane i gjengen. Barnebokversjonen av Innsirkling-prosjektet til Carl Frode Tiller med andre ord.

– Historia til akkurat denne boka, Robot-Birk, fekk eg då eg høyrde om robotane som har begynt å dukke opp på norske skular, slike som gjer at elevane kan følge med på undervisninga og snakke med klassekameratane sjølv om dei er borte frå skulen.

 – Tre barnebok-favoritter:

– Alt av Anne Cath. Vestly var veldig viktig for meg då eg var barn. Markus og Diana av Klaus Hagerup også. No for tida er eg veldig fan av bildebøkene til Vegard Markus, spesielt Det runde problemet.

 – Sjekk ut:

– Henrik And av Anna R. Folkestad har også klassikarpotensial.

 – Hvordan jobber du?

– Bøkene om Barcalona-gjengen er bøker som skal vere lette å lese samtidig som dei har ei fullverdig, engasjerande historie. I motsettning til vaksenbøkene mine som blir til på ein mykje meir intuitiv måte, er desse bøkene derfor mykje meir planlagde.

 – Din egen favorittillustrasjon?

– Eg har vel ingen favorittillustrasjon, men bilda til Shaun Tan kan eg sjå lenge på. Det er også ei spesiell oppleving å sjå tekstane mine bli forvandla til illustrasjonar av Henning Lystad som illustrerer bøkene om Barcelona-gjengen.

 – Hvilken barnebok gjorde størst inntrykk på deg som barn?  

– Her må eg nemne Anne Cath. Vestly igjen. Umogleg å velge bok. Det var stemma og blikket hennar, måten ho snakka til meg og såg verda frå mitt barneperspektiv, som gjorde bøkene så magiske.

 – Hvilken barnebokskikkelse ville du helst ha møtt?

– No som vaksen kunne eg godt ha tatt eit par øl med faren til Emil i Lønneberget. Ser for meg at vi ville ha snakka litt om det generelle forfallet i samfunnet før eg lener meg over bordet spør: «Men korleis har du det eigentleg, Anton …» 

 – Og hvem ville du helst selv ha vært?

– Eg skulle gjerne vore med Peter Pan til Aldriland, så det får bli Wendy eller John.

 – Hva må en virkelig god barnebok inneholde?

– Ein gjennomtenkt skurk eller eit skikkeleg interessant problem. Forfattarar bruker litt for ofte opp fantasien sin på hovudpersonen, men det er skurken eller problemet som gjer historia verd å lese. Tenk berre på eventyret om dei tre bukkane Bruse … Kva ville det eventyret vore utan trollet? Jo, historia om tre geiter som går over ei bru og et gras. Kor gøy er det, liksom? 

 – På eventyr med Potter eller over de syv hav med Pippi?

– Så lenge vi har sjøsjuketablettar tilgjengeleg må det bli Pippi. Barnebøkene mine handlar stort sett berre om gutar, men i alle romanane mine for vaksne har eg med minst ei jente eller kvinne med Pippi-energi og Pippi-perspektiv på verda.