Margsterk debut om levd liv

Romanen røper eit sjeldan forfattartalent, hjå ein debutant som skriv forfriskande langt borte frå sin eigen navle.

Det er ambisiøst av ein 27-åring å ville gi røyst til ei aldrande, døyande kvinne. Det er meir dristig enn ambisiøst å legge lista høgt der oppe mellom prosa og lyrikk, i den farlege glipa mellom stor kunst og parodisk klisjé. Susanne Skogstad vågar –  og leverer.

Boka kan kallast ein monolog frå grava, eit slags livsevangelium, men er slett ikkje prega av skylappane ein ofte ser spor av i slike prosjekt. Kvinna vi møter har mange ulike synsvinklar og motstridande bilder, ho kjenner at ho har nådd ein botn, men svevar likevel vektlaus når tapet av maken skapar eit vakuum i verda hennar. Ho vekslar mellom vidt utsyn og hamring mot dei same små naglane i livskrossen ho har bore.


Susanne Skogstad:
Svartstilla
Skjønnlitteratur
Gloria

For til sist har det skjedd, det ho har gått heile vaksenlivet i evig uro for: han er død. Uroa for å miste han ho elskar, ei uro ho omtaler i tredje person, er difor også borte. Det er dette som er «svartstilla», der aldri meir noko skal «røyve seg».  Sorga skaper også tagnad og avstand mellom henne og dei tre barna. Ho ser at bekymringa for henne overskyggjer sorga etter tapet av far. Ho ser at hennar botnlause sorg og hjelpeløyse skaper meir smerte i barna enn dødsfallet har gjort. Særleg blir eldsteguten Jon utsett. «Eg smiler til han. Kastar eit blikk på auga hans som søkjer slik etter meg. Ser deg eit lite sekund før han blinkar og du er vekk. Han ser på meg og finn ikkje mor si i auga mine lenger. Eg er ein framand. Og vi veit det, begge to.»

Slumrande kunstnarsjel

Yngstesonen Jakob er hjartebarnet, kunstnarsjela, kanskje litt bortkomen i livet, han som ho mest ser seg sjølv i. Han går ikkje beine og opptrakka stiar, han er varare og meir hudlaus enn søskena. Dottera er svært ulik mor, tykkjer mor – med glede. Solveig er handlingsdyktig, stø og distansert, medan eldste sonen Jon på godt og vondt er den som rører opp det sterkaste provokasjonane i foreldra. Han liknar faren, men i ein kynisk versjon, og han er den som målber søskena si avgjerd om at ho må på sjukeheim. Ei slik stor livsendring, som dei fleste av oss har sett på både nært og fjernare hald, er sjeldan skildra frå innsida. Her greier forfattaren på imponerande vis å formidle  den nakne hjelpeløysa både mor og vaksne barn pinest av når slike avgjerder må takast. Samspelet mellom mor og vaksne barn, eller mangelen på slikt, er utsøkt skildra.

Lever og andar

I denne forteljinga representerer den døde maken kjærleiken og lufta ho har levd på. Som luft er han også usynleg og livsviktig, og til stades i alle ting ho opplever. Også språket er i stadig rørsle, i ujamne repetisjonar, som ande frå sjuke lunger. Minner kjem ofte kasta på henne, som brå og smertefulle innpust.  Men så, når ho greier å sjå dei lange linene av kjærleik og sommardagar, fløymer også språket i ein varm og uhindra rytme. Det finst sjølvsagt skurr, som når hovudpersonen fantaserer om å skrape opp bilen til sonen med husnøklane. Bilen som symbol er eit tankesprang som hjå denne lesaren svekkjer eit elles svært heilskapleg portrett. Skal ein elles pirke, kunne romanen godt vorte barbert litt i begge endar. Både dei første og dei siste sidene verkar unødig forklårande, og røper kanskje manglande tillit til lesaren. Men alle slike innvendingar er små, når ein ser denne romanen under eitt. Teksten osar av skrivekunst-talent. Det er lett å finne assosiasjonar til Jon Fosse, både når det gjeld tematikk og stil. Halldis Moren Vesaas er også ope til stades i teksten. Litt vagare, men absolutt harmonisk, kling en undertone frå Nietzches Zarathustra. Den gamle kvinna nyttar jo den siste delen av reisa mot grava til å drøfte sjølve meininga med livet sitt, kva ein kan kalle vondt og godt, å vrengje og snu på både sjølvbilete og dei speglane ho har funne i andre. Sanning står mot sanning, lag på lag skal avdekkjast, denne modige kvinna skal tole mykje før ho endeleg kjem heim til æva ho ikkje har namn på. Kvitstilla?

 

MAY GRETHE LERUM