Lyrisk: Olav H. Hauge i Amerika.
Professor Jackson Crawford foreleser i skandinaviske studier ved University of California Los Angeles (UCLA). Han har satt opp en egen facebook-side hvor han daglig publiserer et dikt av Olav Håkonson Hauge. Facebooksiden har på kort tid fått over 10.000 følgere.
Da Haugs senteret i Ulvik ble åpnet på fredag, sendte Crawford følgende hilsen: – Eg ynskjer at eg kunne vera til stades når Hauge-senteret opnar i dag. Men eg gleder meg over at det skal finnast ein stad vigd til minnet om skalden som skreiv slike dikt som Hauge-verset i dag, «Mange års røynsle med pil og boge», som har vore eitt av dei viktigaste for meg, jamvel i fattigdom og vonløyse. Til lukke, Hauge-senteret. Og til lukke, Noreg – de gav verda ein skatt av ein diktar.
Med daglige Hauge-dikt: Jackson Crawford.
Diktet Crawford vedlegger er dette fra diktsamlingen Janglestrå (Samlaget, 1980):
Mange års røynsle med pil og boge
Det er den svarte prikken
midt i skiva du skal treffa,
nett den, der
skal pili stå og dirra!
Men nett der treffer du ikkje.
Du er nær, nærare,
nei, ikkje nær nok.
So lyt du gå og plukka upp pilene,
gå tilbake, prøva på nytt.
Den svarte prikken tergar deg.
Til du forstår pili
som stend der og dirrar:
Her er òg eit midtpunkt.
Olav H. Hauge