Målprisen til Kari Huus

Prisvinnar Kari Huus og leiar for Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge.

Kari Huus får Målprisen for å ha trygga ein heil generasjon av forfattarar og gjort det enklare for dei å bli verande i nynorsken.

«Det er mangt som kan definere eit forlagshus. Men hjartet i alt forlagsarbeid er og blir språkarbeidet. Og Samlaget har vore så heldig å ha det same bankande og brennande språkhjartet i aktivitet i fire tiår. På eit lite, skjerma kontor djupt, djupt inne i forlagshuset ligg hjartekammeret, møblert med ordbøker. Og inne blant kvite manusfjell som svaiar og trugar med å rase over henne kvar augeblink, sit Kari Huus med det eine manuset som betyr noko akkurat der og da, det som skal gjennom vask og reins og polering før det blir sendt ut i verda som det smykket det kan bli, ei bok med godt språk og helst null korrekturfeil».

Slik skreiv Brit Bildøen, forfattar og tidlegare kollega, til Kari Huus i høve hennar siste arbeidsdag på Samlaget fredag 26. februar 2021.

Huus har arbeidd rundt 40 år for Samlaget, og hovudinnsatsen har vore som manusredaktør. I 2021 gjekk ho av med pensjon og bur no i Hallingdal. I går blei ho tildelt Målprisen 2022.

«Eit bankande språkhjarte»

«Vi i Noregs Mållag veit kor viktige bankande språkhjarte er for nynorsk. Vi veit at skal nynorsken leve vidare med hundre tusenvis av brukarar lyt den skrivast, lesast og nyttast. Nokre av dei verkeleg viktige, og mest usynlege, er manusredaktørane, og Kari Huus har arbeidd som manusredaktør i bortimot heile sitt yrkesliv for Samlaget. Som manusredaktør har ho sikra nynorsken i bøkene til Samlaget, følgt opp   korrekturlesarane, koordinert arbeidet til desse og gjort sjølvstendige vurderingar av språkarbeidet, justert dette og formidla det vidare til forfattarane.» Det sa leder av Noregs Mållag Peder Lofnes Hauge i sin tale til prisvinnaren. Han avslutta med:

«Samlaget er det viktigaste nynorskforlaget, og for dei, og oss alle, har du Kari vore eit bankande språkhjarte. Du har hatt «ein profesjonell varme, og ein dyrebar kontinuitet» for å låne orda frå forfattar Maria Parr. Kari Huus: Det er få som går frå arbeidslivet og etterlet seg eit hjartekammer. Tusen takk for det du har gjort for nynorsken.»