Kva skriv du om?

- Eg les veldig mykje, men eg trur ikkje eg har vore borti deg.

I filmen «Den fabelaktige Amélie fra Montmartre» høyrer vi om korleis Amélie aldri har nærkontakt med far sin bortsett frå ein gong i månaden, når han undersøker henne fysisk. Han er nemleg lege og føretek ein legesjekk ein gong i månaden. Nærkontakten får hjarta hennar til å slå så raskt at faren går ut ifrå at ho har ein hjartefeil. Då eg såg filmen opp igjen førre veke, måtte eg tenka på mitt eige legebesøk for ei tid sidan. Det var ikkje berøringa til legen som fekk hjarta til å slå, det var det han sa, eller det han spurde meg om.

Ingenting alvorleg feiler meg, det er ein rutinesjekk. Legen vil måla blodtrykk og puls. Han legg armen min inn i den svarte ringen og pumpar han opp. Mens han driv på, spør han meg kva eg jobbar med. Eg svarar at eg er forfattar.

– Åh, burde eg ha høyrt om deg?

– Nei, svarar eg.

– Kva heiter du då?

Eg seier namnet mitt endå han jo burde ha sett det i journalen eller i avtaleboka si.

Han ristar litt overdrive nølande på hovudet.

– Eg les veldig mykje, men eg trur ikkje eg har vore borti deg, seier legen med trykk på veldig.

Eg freistar å ikkje ta meg nær av det.

Legen pumpar.

– Kva skriv du om då, spør han.

Det er eit heilt rimeleg spørsmål, eg innrømmer det. Legen er i sin fulle rett. Han les jo veldig mykje, han er kan henda til og med interessert, men i den augneblinken han stiller spørsmålet, blir eg gripen av panikk. Kva skriv eg om? Kva er det eigentleg eg driv med? Er det i det heile tatt verdt å nemna? Skal eg ordlegga meg flåsete og svara noko slikt som havet, døden og kjærleiken? Eller skal eg prøva å gjera greie for kva eg driv med så godt eg kan slik at denne legen, som les veldig mykje, kan bli interessert og gå i bokhandelen eller på biblioteket og spørja etter bøkene mine? Skal eg seia så alvorleg eg kan at eg er oppteken av besettelse og tapserfaringar, historia si makt? Og vil det i så fall vera sant?

 

Eg tenker så det knakar på dette og gløymer borrelåsen som strammar rundt overarmen.

Kva skriv eg om? Kva i all verda skriv eg om?

Eg har vore forfattar i 20 år, og eg veit ikkje ein gong kva eg driv med? Eg kjenner blodet stiga til hovudet, og pulsen i armen dunkar hardare og hardare.

– Wow, seier legen. Du har eit farleg høgt blodtrykk! Er det noko du har hatt problem med før? Er det noko arveleg?

– Nei, mor mi har i alle fall eit svært lågt blodtrykk. Eg veit det for ho plar å skryta av det i selskapslivet.

– Dette er verkeleg heilt vilt, seier legen.

Eg prøver å ikkje tenka på kva eg skriv om, og det faktum at eg ikkje har eit svar til legen som spør om det.

Eg toler elles godt at legar snakkar om det eg held på med. Ein gong eg var hos gynekologen kom han med ein lengre analyse av ei bok eg hadde skrive, medan han heldt på – der nede. Og det var heilt greitt. For han hadde allereie eit svar. Han visste, eller trudde han visste, kva eg heldt på med.

 

– Berre prøv å måla pulsen ein gong til, og så droppar du det med skrivinga, seier eg.

Det gjer legen. Denne gongen er blodtrykket heilt normalt.

– Merkeleg, seier legen.

– Ikkje det minste, svarar eg.

For det er nemleg slik at skrivinga for meg er noko av det mest private eg kan tenka meg. Denne prosessen, det som skjer med meg når eg sit slik åleine med datamaskinen og set saman ord for ord, er det mest intime eg føretar meg. Og på same måte som Amélie frå Montmartre, så reagerer eg på slikt.

 

 

spaltist-bannere-270x300